Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Nynorsk er ein sentral del av norskfaget i norsk skule, og fleirtalet av elevane får opplæring i nynorsk, enten som hovud- eller sidemål. Emnet gir deg inngåande kunnskap om og ferdigheit i det nynorske skriftspråket og kjennskap til korleis du kan arbeide med nynorsk i klasserommet. Emnet femnar om det nynorske skriftspråket, den nynorske skriftkulturen, nynorskopplæringa i skulen, haldninga til nynorsk og språkstoda generelt i Noreg. Den litterære og retoriske krafta som ligg i nynorsken, får særleg fokus, og emnet gir godt kunnskapsgrunnlag for å drøfte ulike språkhaldningar.

Kva lærer du?

Etter fullført emne har du tileigna deg:

kunnskapar om

  • nynorsk, både som skriftspråk og skriftkultur
  • korleis ein kan arbeide variert med nynorsk i klasserommet
  • korleis ein kan analysere, tolke og formidle nynorsk skjønnlitteratur og sakprosa
  • haldningar til språkleg variasjon med vekt på nynorsken si stilling
  • forsking på nynorskundervisning

ferdigheiter i å

  • skrive klår akademisk sakprosa på nynorsk i tråd med gjeldande skriftnormer
  • vurdere ulike nynorske tekstuttrykk og kvaliteten i språkføringa spesielt
  • gi fagleg relevant respons på nynorske elev- og studenttekstar og kritisk drøfte haldningar til nynorsk, både i skulen og i samfunnet elles
  • kritisk reflektere over målstoda i det fleirspråklege Noreg

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Emnet er berre ope for studentar på nordiskdidaktisk programspesialisering i Lektorprogrammet.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot NOR4515 – Nynorsk med praksis for lektorstudentar

Undervisning

Emnet blir undervist saman med NOR4515 nynorsk med praksis for lektorstudentar.

Undervisninga er organisert i forelesingar og 3 seminar. Det er obligatorisk å delta på minst to av seminara.

I seminara vil du arbeide med å utvikle eigen nynorskkompetanse, utvikle undervisningsopplegg og med faginnhaldet frå forelesingane.  

Obligatorisk aktivitet:
Det er obligatorisk å delta på minst to seminar (sjå over).

Studenten må også levere og få godkjend ei obligatorisk, skriftleg kvalifiseringsoppgåve. Kvalifiseringsoppgåva er samansett og har følgjande komponentar:

  1. Levere 1-2 sider førsteutkast til semesteroppgåva. 
  2. Gi tilbakemelding på førsteutkastet til ein medstudent, inkludert retting av nynorskfeil. 

Alle delane av kvalifiseringsoppgåva skal skrivast på nynorsk.

I tillegg til litteraturen på pensumlista, som er felles for NOR4520 og NOR4515, skal studentar i NOR4520 legge opp ca. 150 sider med sjølvvald pensum. Pensumet kan med fordel knytast opp til semesteroppgåva, og skal godkjennast av faglærar.

Faglege krav for å kunne gå opp til eksamen

Studentar som har fått godkjend kvalifiseringsoppgåva og som har deltatt i obligatorisk aktivitet, har rett til å gå opp til eksamen. 

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på 10 sider (à 2300 teikn utan mellomrom) som tar utgangspunkt i pensum. Første utkast vil få respons frå ein medstudent undervegs i semestret, og det er tilbod om respons frå faglærar på eit seinare utkast. Semesteroppgåva skal skrivast på nynorsk.

Innlevering i Inspera

Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Nynorsk. Kravet om nynorsk er uavhengig av eventuelle tidlegare fritak.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Kvar haust
Eksamen
Kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk