RESA2001 – Islam, kristendom og vesten
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Studiet gir ei innføring i tilhøva mellom islam, kristendom og Vesten - i historisk, sosio-politisk og teologisk perspektiv. Tema som kristne og muslimske identitetar i Vesten, vold i religionens namn og sameksistens og integrasjon i eit multikulturelt samfunn blir handsama. Kjønnsperspektivet blir vektlagt; likeeins den nordiske/europeiske konteksten og dei to religionane sitt felles møte med moderniteten.
Kva lærer du?
Kunnskap: Studiet skal gi kunnskap om teologiske forskjellar og likskapar mellom kristendom og islam, kulturelt mangfald hos kristne og muslimar, muslimsk-kristne relasjonar i historia og notida, og innsikt i aktuelle tema i kristen-muslimsk dialog.
Ferdigheiter: Studiet skal oppøve evna til å sjå dagsaktuelle spørsmål i eit relasjonelt perspektiv. Studentane skal vere i stand til å diskutere spenningar mellom religionane i religionshistorisk lys og i samband med dei gjeldande politiske tilhøva.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Forkunnskapar
Anbefalte forkunnskapar
Kristendoms- og islamkunnskap på innføringsnivå (bachelor) er ønskjeleg.
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp mot KRIS1229 – Islam, kristendom og Vesten: idéhistorie og aktuelle relasjonar (nedlagt)
- 10 studiepoeng overlapp mot RESA1002 – Islam, kristendom og vesten: historisk og teologisk perspektiv
Undervisning
Obligatorisk aktivitet:
Pensumrefleksjon på 1200-1300 ord.
Eksamen
Tre dagars heimeoppgåve på 3000-3500 ord.
Innlevering i Inspera
Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.
Kjeldebruk og referansar
Ved oppgåveskriving må du gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk.
Eksamensspråk
Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.