Undervisningsopptak

Du må søkje plass på all undervisning utanom forelesninger. Alle forelesninger ved UiO er opne for dei som er interesserte. Se oversikt over frister for påmelding

Korleis søkjer du om undervisningsopptak

  • Du søkjer og får svar på undervisningsopptak i StudentWeb.
  • Du finn ei oversikt over korleis kurs du er påmeldt viss du veljer "Sjå opplysninger om deg" i venstremenyen
  • Du er ikkje garantert å få plass på eit av dine ønske.

Undervisningsopptak - Master i rettsvitenskap

Fristar og info om undervisningsopptaket på Rettsvitenskap.

Obligatorisk undervisning

Nokre emne har obligatorisk undervisning. Du kan sjå om emnet du ynskjer å ta har obligatorisk undervisning viss du ser under "Undervisning" på emnesida. Til dømes har JUS3111 obligatorisk undervisning. Du kan og sjå kva emne som har obligatorisk undervisning under "Gjennomføring og oppbygning" på programsida.

Husk å melde deg til eksamen!

For emne med obligatorisk undervisning kan du ikkje melde deg til eksamen før du har fått innvilga kurs. Husk difor å melde deg til eksamen etter du har fått innvilga kurs og senast innan 1. februar.

Hugs å sjekke at du har gjort alt riktig!

Du må alltid kontrollere at du har registrert dine kursønskje og eksamensmeldinger riktig. Det gjer du under "Sjå opplysninger om deg" i StudentWeb.

Ynskjer du å bytte kurs?

Kurspåmelding og bytte av kurs bestemmas i kursreglementet i programplanen.

Tildeling av kurs gjerast i to opptaksperiodar og ein bytte periode. Om du ikkje får plass på det kurset du ynskjer, kan du i bytteperioden sjølv bytte kurs (med direkte påmelding i Studentweb). Dette gjelder berre om det er ledig på det kurset du ynskjer å følgje.

Om du fortsatt ynskjer bytte kurs etter bytteperioden, gjeld særskilde reglar. Du kan søkje om å bytte kurs med ein e-post til info@jus.uio.no eller levere søknad på Infosenteret. Dokumentasjon må leggas fram saman med søknaden. Du kan ta med original dokumentet og ein kopi og få eit «rett-kopi»-stempel. 

Vil du melde deg av undervisning?

Viss du vil melde deg av undervisninga må du gjere det innan 1. september i haustsemesteret, 1. februar i vårsemesteret i StudentWeb.

Endringar

  • Avlysning og samanslåing av kurs kan skje dersom kurs ikkje er fulltekna. Studentar som flyttast til andre kurs vert varsla hjå student-epost.
  • Endringer kan skje undervegs i kursa. Det vert gjeve beskjed på semestersidene om endringer i undervisninga så snart som mogleg.
Publisert 1. juli 2015 14:53 - Sist endret 1. juli 2015 14:55