English version of this page

Reglar for feilparkering og bøter

Parkering på universitetetsområda er regulert etter standardvilkåra for privat parkeringshåndheving, sjå forskrifta for parkering (lovdata.no).

Parkering er berre tillate på oppmerka plassar. Det er ikkje tillate å parkere innanfor bommane på campusområdet. Reglementet gjeld i tida frå kl. 8.00 til kl. 16.00 måndag til fredag. Reglementet blir handheva av Apcoa Parking (apcoasupport.no)

Satsar for bøter

  • Misferd av reservert parkering for bl.a. besøkande/gjestar: 300 kr
  • Manglande betaling på betalingsplassar: 600 kr
  • Hvis du manglar, har feil eller utgått parkeringsløyve: 600 kr
  • Feilparkering på parkeringsplassar for forflyttigshemma: 900 kr
  • Parkering meir enn 48 timer: 600 kr
  • Parkering som hindrar ferdsel eller utrykningskøyretøy: inntauing

Skal du klage på bot?

  • Klage på parkeringsgebyr: Logg inn på kontrollavgift.no
  • Klagen må innehalde namn, adresse, registreringsnummer på motorvogna og kontrollavgiftsnummeret. Klagen må vere motteken seinast tre veker etter at gebyret vart skrive ut.

Inntaua bil?

Har du spørsmål om inntaua bilar på parkeringsplassane på UiO, kontakt Apcoa Parking (apcoasupport.no), tlf. 22 05 75 00, heile døgnet.

Publisert 16. okt. 2017 11:01 - Sist endra 11. aug. 2023 14:10