English version of this page

Parkering for besøkande

Frå 1. desember 2025 må alle gjester og korttidsbesøkande betala for å parkera via Park Nordic sin parkeringsapp. Besøkande kan og bruka gjesteparkeringsområda med betalingsautomat. Desse områda har eigne takstar og ein treng ikkje parkeringsløyve. Makstid for parkering er 48 timar.

Område som har gjesteparkering med betalingsautomat:

  • Blindern
  • Chateau Neuf
  • Gaustad
  • Silurveien

Sjå oversikt over parkeringsplassar på UiO

Besøk over fleire dagar

Viss du skal besøka UiO meir enn ein dag, kan du få mellombels tilgang til A- og S-plassar. Ta kontakt med dei du skal besøkja i god tid på førehand, og dei vil ordna parkeringsløyve til deg.

Alternativt kan du bruka gjesteparkeringsplassar med betalingsautomat. Desse plassane har eigne takstar og du treng ikkje parkeringsløyve for å parkera her.

Entreprenørar, handverkarar, servicefirma

Frå 1. desember 2025 må også entreprenørar, handverkarar, servicefirma o. l. som skal utføra arbeid på universitetsområdet betala for parkering. Dei må henvenda seg til kontaktpersonen sin ved UiO, som sørgjer for at dei får tilgang til å registrera seg i parkeringsappen. Varigheita skal ikkje vera lenger enn tre månadar. 

Bilar med parkeringsløyve merka E (entreprenør) kan parkera på A-, E- og S-plassar.

Varelevering

Varelevering, t.d. til butikkane i Frederikkebygningen, catering eller flytteoppdrag, er unntateke parkeringsreglementet. Det betyr at dei kan stå utanfor oppmerka plassar og treng ikkje betala parkeringsavgift. Sjåførane må på førespurnad kunna visa til bestillingsbekrefting på oppdraget.

Reglar for parkering og bøter

Parkering på universitetetsområda er regulert etter standardvilkåra for privat parkeringshandheving, sjå forskrifta for parkering (lovdata.no).

Kontakt

Kontakt Eigedomsavdelinga viss du har spørsmål om parkeringa ved UiO.