Parkering for studentar
Frå 1. desember 2025 må alle betala for å parkera på UiO. Betal via appen Park Nordic Parkering (under "Abonnement" på "Min profil"). Registrerte studentar kan parkera på parkeringsplassar merka S (student). Studentparkering finst berre på den store plassen bak Frederikkebygninga. Makstid for parkering er 48 timar.
Slik parkerer du på UiO
1. Opprett ny brukar i parkeringsappen
- Last ned mobilappen "Park Nordic Parkering" frå Appstore (apps.apple.com) eller Google Play (play.google.com).
- Opprett ein ny brukar.
- Fyll inn e-postadresse. Bruk UiO-adressa di for å få rett parkeringsløyve.
- Trykk fortsett. Du får tilsendt ein femsifra kode på e-post som du loggar inn med.
- No er brukar oppretta og du kan legga inn køyretøy og betalingskort.
2. Aktiver parkeringsløyvet
- For å aktivera parkeringsløyvet, må du kobla til UiO-brukaren din via Feide/Weblogin i appen.
- Trykk på "Min profil" og vidare "Mine sider" i appen.
- Trykk på menyen øvst til høre (tre horisontale strekar). Velg "Pålogging og sikkerhet".
- Bla ned til du ser Feide-logoen under overskrifta "Third Party Links". Logg inn med UiO-brukarnamnet og -passordet ditt.
- Når dette er gjort, er brukaren din validert og du kan begynna å parkera på UiO.
3. Legg til køyretøy
- Du kan registrera inntil fire køyretøy under "Min profil" i appen.
- Husk at du berre kan bruka parkeringsløyvet på eitt køyretøy om gangen. Pass på at bilen du parkerer med er den som er registrert med parkeringsløyvet.
4. Legg til betalingskort
- Fullfør profilen din ved å legga inn betalingskort. Det gjer du under "Betalingsmetoder" på "Min profil".
- Du kan legga til fleire betalingskort. Dette administrerer du også under "Betalingsmetoder".
5. Betal for parkering
- Trykk på "Abonnement" under "Min profil". Vel å betala for ein dag eller ein månad om gongen.
- Viss du har betalt parkeringsavgifta, kan du flytta deg fritt mellom parkeringsområda utan å registrera parkering eller betala på nytt.
Personvern
- Når du loggar inn via Feide/Weblogin, blir berre informasjon om tilknytinga di til UiO samla inn, ingen andre personopplysningar blir henta.
- Anonymiserte data blir delt med UiO til statistiske føremål.
- Bruken av data blir regulert av ein separat databehandlingsavtale mellom UiO og Park Nordic.
- NB! Du er framleis registrert som brukar hos Park Nordic inntil du avregistrerer deg i appen eller på nettsida.
- All personlig informasjon om deg vil bli sletta når du avregistrerer deg. Du kan avregistrere brukarkontoen din når som helst.
Kva betyr skilta?
- A-plassar kan nyttast av bilar med kategori A, R og E.
- S-plassar kan nyttast av bilar med kategori S, R, og E.
- R-plassar kan nyttast av bilar med kategori R.
- HC-plassar er reserverte for bilar med kommunalt HC-løyve. HC-løyvet følgjer personen og ikkje bilen. Dei med HC-løyve treng ikkje betala parkeringsavgift og kan parkera på plassar merka A og S.
Studentar kan parkera på A-plassar i helger og på heilagdagar.
Kontakt
Problem med innlogging eller med parkeringsappen? Ta kontakt med kundeservice hos Park Nordic.
Send e-post til Eigedomsavdelinga viss du har spørsmål om parkeringsløysinga ved UiO.