Sykkelparkering
UiO har lagt godt til rette for at du kan sykle til studier og jobb, anten du sykler med eigen sykkel og parkerer i eit av dei 3 000 sykkelstativa, eller om du vel bysykkel.
Du finn sykkelstativ overalt på UiO. Berre på Blindern er det plass til nærare 2 000 syklar, og du finn stativ utanfor kvar inngang.
Ikkje set sykkelen slik at han sperrar gangvegar eller inngangsparti, eller er i vegen for allmenn ferdsel. Det er ikkje lov å ta med, køyre eller parkere syklar eller sparkesyklar innandørs. Du parkerer sykkelen på eige ansvar. Vis omsyn til fotgjengarar når du syklar på gangvegane. Der det er mange fotgjengarar, kan det vera lurt å trilla sykkelen.
Låst sykkelparkering under tak
Det finst låst sykkelparkering under tak fleire stader på campusane. Hugs at det ikkje er tillate å langtidsparkera syklar, til dømes over vinteren. Eigedomsavdelinga er i gong med å utvida tilbodet om låst sykkelparkering for tilsette og studentar.
Blindern
Bak Eilert Sundts hus, blokk A, ved inngangen frå Moltke Moes vei (mazemap.com), finn du sykkelstall med kortlesar. Studentar og tilsette har tilgang.
I skuret på andre sida av Eilert Sundts hus, blokk A, ved trikkestoppet (mazemap.com), er det installert 20 smarte sykkelstativ med innebygd sikkerheitsalarm. Du låser og opnar dei med UiO-kortet ditt eller med ein app på mobilen. Sykkelstativa er gratis å bruka.
Låst sykkelparkering i økonomigården mellom Fysikkbygningen og Kjemibygningen. Studentar og tilsette har tilgang med kort.
12 låsbare sykkelskap på parkeringsplassen mellom Villa Eika og Lucy Smiths hus og totalt 28 låsbare sykkelskap på parkeringsplassen framføre Fysikkbygninga. Tilgang med mobilapp frå Bikely. Gratis dei første 12 timane av kvar booking.
Gaustad
I Ole Johan Dahls hus finst eigen inngang i garasjen for dei som går og syklar. Studentar har tilgang til sykkelrommet i vanleg opningstid.
Geitmyrsveien
Ved Det odontologiske fakultet er det mogleg å parkera i garasjen. Tilgang med adgangskort.
Sentrum
I Domus Juridica er det ca 330 sykkelplassar i kjellaren for studentar og dei som jobbar i bygninga. Du kjem inn med sykkel via vareheis i kontorinngang frå gangpassasje (1. etasje). UiO-tilsette har eige innelåst område for sykkelparkering. Tilgang med adgangskort.
Sykkelskap og smarte sykkelstativ
På Blindern finn du totalt 40 låsbare sykkelskap og 20 smarte sykkelstativ med innebygd sikkerheitsalarm. Slik brukar du desse.
Motorsykkel og moped
Frå 1. desember 2025 må du betala for å parkera mopedar og motorsyklar på UiO. MC skal parkerast på oppmerka plassar, og det finst eigne oppmerka plassar mellom Fysikkbygningen og Helga Engs hus. Det er ikkje lov å parkera på grøntareala og i indre område.
Sykkelvask
Sykkelvask på Blindern i kjellaren i Niels Henrik Abels hus.
Du finn ein sykkelvaskemaskin i kjellaren i Domus Juridica i Sentrum, i tillegg til ein vasslange for enkel sykkelvask.
Servicepunkt
På Studenttorget framføre Helga Engs hus finn du eit servicepunkt med to sykkelverktøy som er festa på ein stålwire som kan trekkast ut. Her kan du blant anna pumpa opp dekka og fiksa småting på sykkelen.
I Domus Juridica kan studentar og tilsette med tilgang til bygninga utføra enkel sykkelpleie i kjellaren.
Bysykkel
På Blindern har du god tilgang til bysykkelordninga Oslo Bysykkel.
Feilparkerte syklar
Det er ikkje lov å ta med, kjøre eller parkere syklar eller sparkesyklar inne i bygningane. Dette grunna omsyn til rømmingsvegar, reinhald og generelt at det skal vere mogleg å koma seg fram. Feilparkerte syklar vert fjerna. Etterlatne og øydelagde syklar vert også fjerna.
Syklane vert plasserte på næraste sykkelparkering med den låsen dei er utstyrte med, eller vert overleverte til Parkseksjonen, som tek vare på dei i tre månadar. Kontakt Eigedomsavdelinga viss du har spørsmål.