Blindern
UiO oppfordrar studentar, tilsette og besøkande til å gå, sykla eller å reisa kollektivt til campusane våre.
I det interaktive kartet kan du som tilsett finna vegen til næraste parkeringsområde. Det finst berre studentparkering på den store plassen bak Frederikkebygningen. Besøkande kan berre parkera på den vesle plassen ved sida av studentparkeringa. Besøkande må betala.
Hugs å følgje skilting og merking på staden. Frå 1. desember 2025 må alle som parkerer på UiO betala parkeringsavgift.
Parkering andre stader ved UiO
Sentrum
I sentrum er det berre parkeringsplassar for tilsette:
- Nokre få plassar i bakgården til Frederiks gate 3
- Plassen er open frå 07:00 til 18:00. Stengt i helgene og på høgtidsdagar.
- Nokre få plassar i bakgården til St. Olavs gate 29
- Parkeringsplassen bak Historisk museum
Naturhistorisk museum
Køyring og parkering i Botanisk hage er forbode. Naturhistorisk museum har ikkje eigne parkeringsplassar for besøkande.
- Tilsette, entreprenørar og handverkarar med gyldig parkeringsløyve kan parkera på UiO-parkeringsplassane i Monrads gate.
Gaustad
Forskningsparken
NB! Alle gjesteparkeringsplassane ved Kristen Nygaards hus tilhøyrer Norsk Regnesentral.
Parkere med parkeringsløyve frå UiO
- på parkeringsplassen bak Gaustadalléen 30
- i parkeringshuset til Ole-Johan Dahls hus. Tilgong med kortlesar.
Parkering for elbilar
Det er fire ladeplassar for elbil på parkeringsplassen bak Gaustadalléen 30.
Plassane skal berre nyttast av skilta elbilar under lading og er ikkje meint som reserverte p-plassar for elbilar. Det er krav om gyldig parkeringsløyve. Plassane gjeld ikkje for hybridbilar.
Parkering utan parkeringsløyve
- Viss du må parkera ei kortare stund rett ved Kristen Nygaards hus grunna tungt verktøy, maskinar eller likande, eller berre for å levere noko, snakk med IT-avdelinga si ekspedisjon, så kan det vera mogleg å låna ein plass av Norsk Regnesentral.
- Viss du eller gjestane dine ikkje har parkeringsløyve, kan du betala parkering i parkeringshuset til Forskningsparken eller Rikshospitalet.
Domus Medica og Domus Odontologica
Parkeringshus i Domus Medica tilbygg. Tilgong med kortlesar.
Feilparkering
Feilparkerte bilar og bilar utan gyldig parkeringsløyve kan få kontrollgebyr. Gebyrbeløpet er fastsett i parkeringsforskrifta av 1.1.2017 og vert innkrevd av Apcoa A/S (apcoasupport.no).
Harald Schjelderups hus
- Parkering for tilsette: Ved enden av Forskningsveien 3a.
- Gjesteparkering: Mot betaling i Forskningsveien eller ta kontakt med avdelinga for å få gjestekort til å parkera på A-plassane.
- Det finst ikkje eigne parkeringsplasser for studentar i Forskningsveien.
Livsvitenskapsbygningen
HC-parkering:
- 3 + 2 utenfor Problemveien 25 (hovedinngangen) ved og på forplass sør.
- 3 langs Trimveien utenfor Problemveien 29 (bi-inngang mot nord-øst i enden av bygget, mot Domus Athletica) – trolig tilgjengelig fra 1. juli 2026.
Rikshospitalet
For å få tilgang til ansattparkering ved Oslo universitetssykehus (OUS) må du ta kontakt med oss@ous-hf.no eller parkering@ous-hf.no. Då får du tilsendt lenke til parkeringsløysinga.
- Eksternt tilsette følgjer same prosedyre som tilsette når det gjeld registrering og betaling. Det er eigne retningslinjer for kven som kan nytta seg av denne løysinga.
- Registrer kva periode du ønsker å parkera og hugs å kontrollera dato for oppstart. Du viderekobles til betalingsløysing basert på forskuddsbetaling.
- Du vil bli varsla om utløp av eksisterande avtale.
- Du kan ta vare på den mottatte lenken på pc, men du kan òg vidaresenda han til nettbrett eller mobil slik at du kan gjera endring i registreringsnummer på fleire plattformer. Du kan endra registreringsnummer så mange gonger du ønskjer.
- Når du er registrert treng du ikkje fysisk oblat for å parkera. Parkeringsbetjenter sjekkar om registreringsnummeret ditt er godkjend eller ikkje.
Geitmyrsveien 69/71
Parkeringsplass bak bygninga med 22 plassar for tilsette.
OUS for IMB og Klinmed
For å få tilgong til ansattparkering ved Oslo universitetssykehus (OUS) må du ta kontakt med oss@ous-hf.no eller parkering@ous-hf.no. Då får du tilsendt lenke til parkeringsløysinga.
- Eksternt tilsette følgjer same prosedyre som tilsette når det gjeld registrering og betaling. Det er eigne retningslinjer for kven som kan nytta seg av denne løysinga.
- Registrer kva periode du ønsker å parkera og hugs å kontrollera dato for oppstart. Du viderekobles til betalingsløysing basert på forskuddsbetaling.
- Du vil bli varsla om utløp av eksisterande avtale.
- Du kan ta vare på den mottatte lenka på pc, men du kan òg vidaresenda ho til nettbrett eller mobil slik at du kan gjera endringar i registreringsnummer på fleire plattformar. Du kan endra registreringsnummer så mange gonger du ønskjer.
- Når du er registrert treng du ikkje fysisk oblat for å parkera. Parkeringsbetjenter sjekkar om registreringsnummeret ditt er godkjend eller ikkje.
Frederik Holsts hus og Lille Ullevål (Institutt for helse og samfunn)
- Tilsettparkering: Langs gjerdet ved Frederik Holsts hus for dei som har registrert fordelsparkering gruppe A.
- Gjesteparkering: Den fjerde plassen nærast stabburet er reservert til gjestar. Du kan reservere plassen i resepsjonen i Frederik Holsts hus for timane gjesten skal besøka instituttet.
- Betalt parkering: På delar av Nedre Ullevåls vei, inkludert området framføre Nedre Ullevål 11, kan du betala med app. Det er òg nokre betalte plassar framfor hovudinngongen ved Frederik Holsts hus.
Silurveien
- Innandørs bilparkering mot betaling. Sjå Silurveien parkeringshus (aimopark.no) for prisar, antal plassar og liknande.
- 12 plassar har ladar til elbil: 6 plassar på nedre plan ved inngong A og 6 plassar på øvre plan ved inngong B. Instruksjon for lading finn du på kvar enkelt ladestasjon.
- UiO har ein HC-parkeringsplass i Silurveien.
- Syklar kan parkerast i sykkelstativa på baksida av bygningen.