English version of this page

HC-parkering

P-plassar med handikapsymbol gjeld for deg med offentleg godkjent parkeringsløyve. Du treng ikkje noko i tillegg til parkeringsløyvet.

Det interaktive kartet viser HC-parkeringsplassar på Blindern.

Sjå kartet i MazeMap (mazemap.com)

Gaustad

Sentrum

I sentrum har UiO berre to reserverte HC-plassar. Dei ligg på Tullinløkka, på baksida av Historisk museum. Sjå nettsidene til Oslo kommune for kommunale HC-plassar (oslo.kommune.no).

Tøyen

Naturhistorisk museum

Du finn HC-plass utanfor Botanisk hage i Monrads gate, rett utanfor inngongen til museet. Du finn òg plass i Botanisk hage, innkøyring frå Sars gate. Sjå nettsidene til Oslo kommune for kommunale HC-plassar (oslo.kommune.no).

Publisert 22. des. 2017 10:28 - Sist endra 11. apr. 2024 12:29