English version of this page

Parkering for studentar

Som registrert student kan du parkere gratis på parkeringsplassar merka S (student).

Du må registrere deg som UiO-brukar i parkeringsappen Apcoa Flow. Den lastar du ned i App Store eller Google Play. Du kan òg registrere deg på Apcoa si heimeside (flow.apoca.no)

Slik aktiverer du parkeringsløyvet

  • Last ned parkeringsappen Apcoa Flow i App Store/Google Play eller gå inn på Apcoa si heimeside (flow.apoca.no). Appen er ikkje støtta av Windows Phone. 
  • Opprett brukar hos Apcoa. 
  • Klikk deg vidare på Meny - Fordelsparkering - Registrer fordelsparkering - Universitet og høgskuler - UiO. Her logger du deg på med UiO-brukarnamn og -passord (Feide). 
  • Registreringa er komplett når det dukkar opp ein beskjed om at fordelsparkering er registrert.
  • Under fana Fordelsparkering kan du sjå detaljar om kva for ei sone du har tilgang til, utløpsdato på fordelsparkeringa og kva for ein bil fordelen er registrert på.
  • Med denne elektroniske løysinga er parkeringsløyvet knytt til deg som person. Du kan registrere fleire bilar, men fordelen av å parkere gratis kan berre nyttast på ein bil av gangen. Du må difor passe på at bilen du til kvar og ein tid nyttar, er den som er registrert med fordelsparkering. 
  • Studentar må ha betalt semesteravgift for å få fordelsparkering. 
  • Du treng ikkje gå inn i appen og starte parkeringa kvar gång du skal parkere. Når du har registrert ei fordelsparkering, gjeld ho i eitt år frå registreringsdato. Du ser i appen kor lang tid du har igjen før registreringa må fornyast.
  • Merk deg kvar for ein sone (gruppe A, S, R eller E) du har tilgang til. 

Slik fornyar du parkeringsløyvet

Viss du har eit aktivt parkeringsløyve, må du slette det frå profilen din først:

  • Gå inn i appen Apcoa Flow eller logg deg inn via Apcoa si heimeside (flow.apcoa.no).
  • Velg Meny - Fordelsparkering.
  • Trykk på det aktuelle parkeringsløyvet.
  • Velg Slett.

Aktiver parkeringsløyvet på nytt

  • Klikk deg inn på Meny - Fordelsparkering - Registrer fordelsparkering - Universitet og høgskuler - UiO. Her loggar du deg på med UiO-brukarnamn og -passord (Feide).
  • Registreringa er komplett når det kjem opp beskjed om at fordelsparkering er registrert.

Personvern

  • Ved innlogging via Feide blir data om UiO-tilknytinga di henta, og ingen andre personopplysningar.
  • For statistiske formål blir anonymiserte data delt med UiO.  
  • Bruk av data er regulert i ei eige databehandleravtale mellom UiO og Apcoa Parking Norway.
  • OBS! Når fordelsparkeringa di går ut, er du framleis registrert som brukar i Apcoa fram til du avregistrerer deg i appen eller på nettsida. 
  • Alle personopplysningane om deg blir sletta når du avregistrerer deg. Du kan når som helst velje å avregistrere brukaren din i Apcoa.

Kva betyr skilta?

  • A-plasser kan nyttast av bilar med fordelsparkering A, R og E.
  • S-plasser kan nyttast av bilar med fordelsparkering S, R, og E.
  • R-plasser kan nyttast av bilar med fordelsparkering R.
  • Handikap-plassar er forbeholdt bilar med kommunalt parkeringsløyve for funksjonshemma.

Studentar kan parkera på A-plasser i helgane og på heilagdagar.

Kontakt

Problemer med innlogginga? Send ein e-post til Apcoa Support eller ring kundesenteret på telefon 22 05 75 00.

Send ein e-post til Eigedomsavdelinga hvis du har spørsmål om parkering ved UiO.

Publisert 16. okt. 2017 10:49 - Sist endra 11. aug. 2023 14:02