Sykkelskap og smarte sykkelstativ
På Blindern finn du tolv låsbare sykkelskap på parkeringsplassen mellom Villa Eika og Lucy Smiths hus og totalt 28 sykkelskap på parkeringsplassen framføre Fysikkbygninga: 24 for vanlege syklar og fire for lastesyklar. Kvar gong du leiger eit sykkelskap, er dei tolv første timane gratis. Etter dette, kostar det ti kroner timen.
I skuret ved Eilert Sundts hus er det 20 smarte sykkelstativ med innebygd sikkerheitsalarm. Du låser og opnar dei med UiO-kortet ditt eller med ein app på mobilen. Sykkelstativa er gratis å bruka.
Slik brukar du sykkelskapet
- Last ned Bikely sin app frå App Store (apps.apple.com) eller Google Play (play.google.com) og registrer deg som brukar.
- Finn lokasjonen din og reserver eit sykkelskap i appen. Du kan bestilla eit sykkelskap ein time på førehand.
- Trykk på "unlock" for å låsa opp skapet og trykk på knappen på skapet for å bekrefta. Trykk lett på knappen, du treng ikkje halda den inne. No skal det lysa grønt.
- Parker sykkelen og lukk skapet. Det kan henda du må rygga sykkelen inn for å få plass. Du kan opna og lukka skapet fleire gonger i løpet av leigeperioden.
- Lås opp og avslutt for å avslutta leigeperioden.
Dei første 12 timane av kvar leigeperiode er gratis. Etter dette, kostar det 10 kroner timen. Maks oppbevaringstid er sju dagar. Etter dette vert sykkelen henta og overlevert til Parkseksjonen, som tek vare på den i tre månadar.
Slik brukar du det smarte sykkelstativet
Du kan låsa og opna sykkelstativet med UiO-kortet ditt eller med Bikeep sin app.
Med UiO-kort
- Finn eit ledig stativ, løft bøyelen og set sykkelen på plass.
- Senk bøyelen slik at den går gjennom ramma og hjulet på sykkelen. Har du veldig stor sykkel eller lastesykkel, kan du forsøka å rygga sykkelen inn.
- Skann UiO-kortet ditt på lesaren øvst på stativet. Lukk bøyelen heilt. Viss stativet er låst, skal det no lysa raudt.
- For å låsa opp sykkelen din, skannar du UiO-kortet ditt igjen. No skal det lysa grønt.
Med app
- Last ned Bikeep-appen frå App Store (apps.apple.com) eller Google Play (play.google.com) og registrer deg som brukar.
- Finn eit ledig sykkelstativ. Løft bøyelen og set sykkelen på plass.
- Senk bøyelen slik at den går gjennom ramma og hjulet på sykkelen. Har du veldig stor sykkel eller lastesykkel, kan du forsøka å rygga sykkelen inn.
- Du kan anten velja stativ i appen (sjekk at nummeret i appen og på stativet samsvarar) eller skanna QR-koden på stativet du har valt. Lukk bøyelen. Viss stativet låser seg, skal det lysa raudt.
- Når du skal låsa opp sykkelen, opnar du appen og trykkar på "lås opp". No skal det lysa grønt.
Det er gratis å bruka sykkelstativa. Maks oppbevaringstid er sju dagar. Etter dette vert sykkelen henta og overlevert til Parkseksjonen, som tek vare på den i tre månadar.
Sykkelstativa har innebygd sikkerheitsalarm. Bikeep har avtale med Avarn som rykkjer ut og stenger av alarmen viss det er nødvendig.

Starta som eit pilotprosjekt
Då UiO installerte sykkelskapa og dei smarte sykkelstativa i 2024, var det som eit pilotprosjekt. Hensikta var å testa ut nye løysingar for trygg sykkelparkering på campus, og var ein del av UiO sitt arbeid med klima, miljø og berekraft.
Det er no beslutta at prosjektet skal vidareførast som eit permanent tilbod.
Vi er avhengige av tilbakemeldingar direkte frå deg som syklar til Blindern, anten det er snakk om ris, ros eller generelle kommentarar.