Sykkelvask
Regelmessig vedlikehald og reinhald kan forlenga levetida på sykkelen din. På Blindern og i Domus Juridica i sentrum kan studentar og tilsette vaska syklane sine gratis. Adgang med kort og kode.
Blindern
Niels Henrik Abels hus
I kjellaren i Niels Henrik Abels hus (mazemap.com) finn du ein sykkelvaskestasjon med vaskekar som er stort nok til å romma ein lastesykkel, slangetrommel med pistol og eit stort børstesett. For å tørka sykkelen etterpå, kan du bruka vifteomnen som står der. Inngang gjennom garasjeport frå utsida av bygninga, ved trappa mellom Georg Sverdrups hus og Sophus Lies auditorium. Garasjeporten er godt merka.
Sentrum
Domus Juridica
Du finn ein sykkelvaskestasjon i kjellaren i Domus Juridica (mazemap.com) i sentrum til syklar av vanleg storleik. Du må løfta og henga sykkelen på eit stativ, så vaskemaskinen passar ikkje for dei tyngste syklane. Litt lengre inn i kjellaren finn du ein vasslange du kan bruka til enkel sykkelvask.
Meld frå om manglar, skadar eller behov
Er det noko som ikkje stemmer med sykkelvaskemaskinane?