English version of this page

Saman mot trakassering!

Retningsliner  ved UiO mot trakassering

Arbeids- og studentmiljøet ved Universitetet i Oslo skal vere trygt og inkluderande. Alle har eit ansvar for å sikre eit godt ytringsklima og bidra til ein akademisk kultur der alle finn det trygt å ytre seg, uavhengig av alder, kjønn, seksuell orientering, etnisitet, funksjonsnedsetjing, posisjon eller makt.

Lovverket forbyr trakassering på arbeidsplassar og i utdanningsinstitusjonar. Med trakassering meiner vi handlingar, unnlatingar eller ytringar som har som føremål eller verknad å vere krenkjande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande.

Med seksuell trakassering meiner vi alle former for uønskt seksuell merksemd som har som føremål eller verknad å vere krenkjande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsam.

Retningslinene utrykkjer forventningar til alle tilsette, studentar og ph.d.-kandidatar ved UiO i alle faglege og sosiale situasjonar både på og utanfor UiO, også i studentforeiningar.

  1. Vi skal møte kvarandre med respekt og stoppe alle former for mobbing, maktmisbruk, rasisme, trakassering, diskriminering og seksuell trakassering.
  2. Ver open for tilbakemeldingar som gjeld eigen språkbruk og eiga framferd.
  3. Som leiar, rettleiar, undervisar, tilsett, studentleiar, kjellar-/foreiningsleiar og fadder er det forventa at du er særleg medviten om di eiga framferd, slik at maktubalanse ikkje vert utnytta, til dømes for å oppnå seksuelle relasjonar.
  4. Kroppskontakt, framferd og intim språkbruk som andre kan oppleva som seksuelt krenkjande skal ikkje finne stad.
  5. Det er ikkje lov å sende eller vidaresende seksuelt lada tekstar eller bilete utan eksplisitt samtykke.
  6. Seksuelle overgrep skal meldast til, og bli etterforska av politiet.
  7. Unngå situasjonar som andre kan oppleva som utrygge eller uønskte.
  8. Vis omsyn på reiser, feltarbeid, praksis, utplassering og på arrangement slik at ingen opplever situasjonen som utrygg.
  9. Alkohol kan auke risikoen for trakassering og seksuell trakassering. Dette inneber eit skjerpa ansvar for både arrangør og deltakarar.

Grip inn og sei frå dersom du opplever eller ser brot på desse retningslinene. Ingen skal utsetjast for gjengjelding ved å seie frå om trakassering.

Leiarar ved UiO skal sjå til at retningslinene er kjende, blir haldne og at brot blir meldt og følgt opp.

Dette ansvaret gjeld også for studentleiarar, tillitsvalde, fadderansvarlege og andre interne eller eksterne aktørar som har ansvar for arrangement eller aktivitetar der tilsette, studentar eller ph.d.-kandidatar deltek.

Ved brot på retningslinene kan reglane i statstilsettelova og universitets- og høgskolelova kome til bruk.

Sjå også Etiske retningsliner ved UiO.

Publisert 12. mars 2019 14:19 - Sist endret 20. aug. 2019 14:48