Digital kompetanse og læringsverktøy

Kva krev ei omlegging frå tradisjonell opplæring til digital læring?

Henter forslag fra Google

Omlegging til digital læring i staten krev endring i kunnskap, ferdigheter og haldningar om korleis læring på arbeidsplassen fungerer, og korleis digital læring bør settas i samenheng med uformell og praksisbasert læring. 
Kven bruker digitale læringsverktøy, korleis vert dei brukt, og kva skal til for å lukkast?

Video del 1

Video del 2

 

Video del 3

 

 

Video del 4

 

 

08:00 Registrering og lett servering
08:30 Velkommen ved Partnerforums sekretariat 
  •  

Dybdelæring i det digitale klasserommet 

Øystein Gilje, førsteamanuensis UiO

  •  

Korleis kan UH-sektoren generelt og BI spesielt vere ein effektiv og relevant læringspartnar for arbeidslivet?

Anne Berit Swanberg, førsteamanuensis Handelshøyskolen BI

  •  

Erfaring med digital kompetanseutvikling 

Anne Marie Lossius, spesialrådgjever Oslo Origo, Oslo kommune

  •  

Vegen til meir modell- og datadriven verksemd - kva no?

Johan Fu, leiar analyse- og kunnskapsteamet, Lånekassen

  •  
Panelsamtale leia av Ellen Strålberg, fagdirektør Difi

 

Påmelding

Gratis inngang for alle ansatte hos partnarane (deltakeravgift er allerede betalt via medlemsbidraget til Partnerforum). Deltakeravgift for andre interesserte er kr. 400,- (student/honnør kr. 200,-)

Påmelding Partnerforums medlemmer

Påmelding eksterne

Om foredragshaldare og innlegga

Øystein Gilje er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, FIKS - Forskning, 
Han har forska på læring og teknologi i 15 år. Han er fagleg leiar av einiga FIKS - Forskning, innovasjon og kompetanseutvikling i skolen ved det Utdanningsvitenskapelige fakultet
Twitter: @ogilje

 

Anne Swanberg er 1.amanuensis og har rolla som Dean Teaching and Learning på Handelshøyskolen BI.  Ho har lang erfaring frå utdanningssektoren med fokus på både heiltidsstudentars og voksne si læring. Ho har ei master i livslang læring fra University of Calgary og ein Phd innan læringspsykologi fra BI. Swanberg har jobba med fleksible læringstilbud i ulike kontekstar; eksempelvis gjennom Kvalitetsutvalget i Fleksibelutdanning Norge, Diku, Unit og BI Nettstudier.  I perioden 2010-2019 leia ho BI LearningLab - et  kompetansesenter for undervisning, læring og IKT. Internasjonalt har Swanberg ledet etableringa av EOCCS (EFMD GN Online Course Certification System) som er ei benchmark og kvalitetssikring av nettbaserte kurs, herunder MOOCs retta mot næringslivet. Ho er og sentral i etableringa av FOME Alliance Group som er ei global allianse av business schools som samarbeider med utviklinga av framtidas undervisnings- og  læringsformer. I innlegget vil ho med utgangspunkt i erfaringar frå BIs etter- og videreutdanninngstilbud skildre ulike format for gjennomføring av UH-tilbod retta mot arbeidslivet.

Anne Marie Lossius er leiar for Organisasjonsutviklingsteamet i Oslo Origo. Oslo kommune må gjennomen ei radikal digital transformasjon, og Oslo Origos OU-team har ansvar for å få menneska med på denne reisa. Det inneber ei stor kulturendring og gjennom dette å bygge ny kompetanse på alle nivå i kommunen. Anne Marie er organisasjonsutviklar frå NTNU og har brei erfaring fra statlig og kommunal sektor, mellom anna ved å leie endringsprosessar og betring gjennom læring. 
Innlegget gir ein innblikk i kva for program og aktivitetar Oslo Origo har brukt for å bidra til digital kompetanseutvikling, 
og kva for erfaringar dei har gjort seg undervegs. 
 

Johan Fu leier analyse- og kunnskapsteamet i Lånekassen. Lånekassen er ei moderne og datadriven verksemd som brukar ny teknologi og innovasjon for å effektivisere forvaltninga av studiestøtteordningane, kontinuerleg forbedre sine kundetjenester og bidra til å videreutvikle offentleg sektor. Johan jobbar mellom anna med avansert analyse (KI) og med å gjere Lånekassa til ein meir datadriven verksemd. Tidligere har Johan jobba som Customer Insight Manager and Data Scientist i Analytics & CLM avdeling i Telenor.

Ellen Strålberg er fagdirektør i Difi og jobbar med digital transformasjon av offentleg forvaltning. Ellen er informatiker fra UiO, og har lang erfaring fra offentleg sektor i kontaktflata mellom politikk, strategi og digitalisering. For tida jobbar Ellen i StimuLab-teamet til Difi og Doga, som skal stimulere til offentleg innovasjon frå brukarens eige perspektiv. Ho er og juryleder for "Årets digitale suksesshistorie" i offentleg forvaltning som vert kåra på Difis Digitaliseringskonferanse.

Arrangør

Partnerforum,
Publisert 25. okt. 2019 15:44 - Sist endra 6. jan. 2020 12:35