Statsrådane - kven er dei og kva gjer dei?

Korleis fungerer egentleg den norske regjeringsmakta? Dette seminaret tar utgangspunkt i den nye boka Regjeringen – historien, makten og hverdagen og vi inviterer til diskusjon mellom forfattar og politikarar med statsråderfaring.

Bildet viser et kart med sjakkbrikker

Om seminaret

Dette seminaret tar utgangspunkt i boka Regjeringen (Historien, makten og hverdagen) og er produkt av eit samarbeid mellom forskarar innan statsvitenskap, rettsvitenskap, sosiologi og historie. Boka freistar å fjerne noko av mystikken rundt denne viktige statsinstitusjonen. Marte Mangset er ein av forfattarane av boka, og ho vil helde eit innlegg med utgangspunkt i boka og korleis ein forskar ser på dette temaet. Men kva meiner dei som sjølve har hatt "statsrådsskoa" på? Vi har invitert politikarar med statsråderfaring til å kommentere boka og seie si meining om kven statsrådane er og kva dei driv med. Harald Stanghelle tek hand om det heile, og sørger for ein god samtale og debatt mellom dei som medverker.

 

Se opptak fra seminaret

 

Program

 

  • 08:30 Registrering og servering av kaffe og te
  • 09:00 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
  • 09:05 Statsrådane - kven er dei og kva gjer dei?
    ved Marte Mangset, førsteamanuensis ved UiO
  • 09:25 Erfaringar frå rolla som statsråd
    ved Bård Vegar Solhjell
  • 09:45 Oppspill til panelsamtale
    ved Harald Stanghelle
  • 09:50 Panelsamtale ved Marte Mangset, Bård Vegard Solhjell og Torbjørn Røe Isaksen leia av Harald Stanghelle. Publikum kan stille spørsmål til panelet via SLIDO.
  • 10:30 Slutt

Partnerforum arrangerer fire frukostseminar i året. Gratis inngang for tilsette hos partnarane (deltakaravgift er allereie betalt via medlemsavgifta i Partnerforum). Deltakaravgift for andre interesserte er kr. 300,-

Påmelding

 

Om innlederne

Portrett av Marte Mangset

Marte Mangset er førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO, og er ein av fleire forfattarar av boka Regjeringen. Ho er særleg opptatt av høvet mellom kunnskap og makt, og kva slags kunnskap som blir verdsett og gitt autoritet i ulike kontekstar. Ho har mellom anna sett på forskjellar mellom Norge, Frankrike og Storbritannia, og studert kva slags kompetanse som skal til for å nå toppstillingar i byråkratiet i de samme tre landa. I tillegg til å jobbe med dette prosjektet om korleis regjeringer arbeider, held ho og på med eit prosjekt om  ekspertise og politikk i skattepolitikken (TAXLAW).


Portrett av Bård Vegar Solhjell

Bård Vegar Solhjell er tidlegere politikar for Sosialistisk venstreparti med fleire perioder på Stortinget bak seg, og har i tillegg vore kunnskapsminister (2007-2009) og miljøvernminister (2012-2013). Sidan 2020 har han vore direktør for Norad, og før det var han generalsekretær i WWF Verdens naturfond.


Portrett av Henning Kristoffersen

Torbjørn Røe Isaksen er redaktør og tidligere politiker for Høyre, og har vore Stortingsrepresentant i fleire periodar. Han har vore kunnskapsminister (2013-2018), næringsminister (2018-2020) og arbeids- og sosialminister (2020-2021). I 2021 starta han som samfunnsredaktør i E24.


Portrett av Harald Stanghelle.

Harald Stanghelle er pressemann og tidlegare redaktør, og har motteke fleire medieprisar. Han har vore journalist i ei rekke aviser, og nyhenderedaktør i Aftenposten, sjefredaktør i Dagbladet og deretter politisk redaktør i Aftenposten. I dag er han leiar for Arendalsuka.

>

Om Partnerforum

Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 25 partnarar som samarbeider om å lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rommet. Partnerforum lagar årleg ca. 12 fellesarrangement samt eitt seminar for kvar partnar. Partnerforum er oppteken av å styrka samarbeidet på tvers av sektorar og ynskjer fleire statlege partnarar. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål, ynsker eller innspel til samarbeid.

Kontakt

Ta gjerne kontakt med Partnerforums sekretariat dersom du har spørsmål, ønsker eller innspill til samarbeidet.

 

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Demokrati, Historie, politikk
Publisert 21. mars 2024 15:32 - Sist endra 8. mai 2024 09:56