ISL4100 – Islandsk 2, fordjuping i moderne islandsk språk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Fordjuping i islandsk grammatikk, særleg syntaks, og lesing av lettare litterære tekster, særleg noveller og dikt, med innføring i islandsk litteraturhistorie og moderne islandsk kultur knytt til tekstgjennomgåing.

Kva lærer du?

Studenten blir i stand til å omsetja og analysera kjende tekster av normal vanskegrad både morfologisk og syntaktisk og setja dei inn i ein kulturell samanheng.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Opptak til emnet er begrensa til studentar på masterprogramma Viking and Medieval Studies (master's two years), Viking and Medieval Norse Studies (master's two years), HFM2-NORD-SPR og Norsk som andrespråk (studieretning).

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Studentane må ha teke ISL1100 – Islandsk 1, innføring i moderne islandsk språk eller ha tilsvarande kunnskapar.

Anbefalte forkunnskapar

EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot ISL2100 – Islandsk 2, fordjuping i moderne islandsk språk

Undervisning

28 timar seminarundervisning.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Vurderingsformen på emnet er mappeevaluering. Mappa inneheld to oppgåver.

  • Den eine, ein analyse på ca. 8000 teikn utan mellomrom (3-4 sider) av ei oppgjeven tekst, vert gjennomgått i undervisninga omkring midten av semesteret.
  • Den andre, på ca. 15.000 teikn utan mellomrom (6-7 sider), er ei øving i omsetjing under rettleiing, av ei sjølvvald tekst som faglærar godkjenner.

Mappa med dei to godkjende oppgåvene skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret. Oppgåvene kan bearbeidast fram til innleveringsfristen. Mappa blir vurdert samla med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Emnet er avlyst på ubestemt tid

Eksamen

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk).