NOR1109 – Norsk språkhistorie, dialektlære og sosiolingvistikk i eit nordisk perspektiv

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet er ei elementær innføring i den lokale og sosiale variasjonen i norsk talemål, med eit sideblikk til dansk og svensk. Viktige dialektskiljemerke i Noreg og grunnleggjande sosiolingvistiske omgrep blir presenterte. Det omfattar også eit oversyn over dei store dialektgruppene i Noreg, illustrert med dialektprøver, og tar opp fleirspråklegheit og nye språkvarietetar i Skandinavia.

Emnet omfattar også språkhistorie (både «ytre» og «indre»), og det dekker både talespråk og skriftspråk. Variasjon i og utvikling av dei norske skriftspråka vert òg tatt opp, til liks med bakgrunnen for skriftspråkssituasjonen i Noreg.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for grunnleggjande omgrep i dialektlære, språkhistorie og sosiolingvistikk (inkludert noko om teori og metode)
  • gjere greie for likskapar og skilnader mellom austnorske, trønderske, vestnorske og nordnorske dialektar, og analysere dialektprøver
  • gjere greie for sentrale språkhistoriske endringar frå norrønt til norsk
  • gjere greie for utviklinga av bokmål og nynorsk
  • seie noko om dei viktigaste utviklingstendensane i norsk talemål i dag, inkludert framveksten av nye talemålsvarietetar
  • seie noko om talemålsvarietetar i Sverige og Danmark

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Tilrådd (men ikkje obligatorisk) er forkunnskapar i grammatikk og fonologi som svarer til NOR1100 - Norsk grammatikk

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 28 timar førelesingar og 12 timar gruppeundervisning.

Ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ein 4 timars skuleeksamen i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Tidlegare eksamensoppgåver ved ILN

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamenen på norsk, svensk eller dansk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 30. mai 2024 18:26:48

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust
Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Norsk