Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet gir ei innføring i det språkhistoriske fenomenet grammatikalisering, og i måtar å nærme seg dette fenomenet på. På kurset ser vi på døme på grammatikalisering i skandinavisk især (og litt i germansk elles), og det betyr at det også er naudsynt å sjå litt på skandinavisk språkhistorie meir generelt.

Forholdet mellom grammatikalisering og andre typar endringar vil bli teke opp, liksom ulike syn på verdien av grammatikaliseringsteori, og på spørsmål om kor grensene går for grammatikalisering. Også nokre teoretiske konsekvensar vil bli behandla (til dømes relasjonen synkroni – diakroni, syntaks – morfologi).

Pensumomfang: 600–700 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Når du har gjennomført dette emnet, kan du:

  • gjere greie for fenomenet grammatikalisering
  • presentere og bruke grammatikaliseringsteori i vitskapleg resonnement og arbeid (til dømes masteravhandling) i språkhistorie eller grammatikk
  • vurdere kritisk forskingsresultat innanfor feltet

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot NOR4119 – Grammatikalisering i skandinaviske språk

Undervisning

Studenten skal delta aktivt på seminaret, og skal halde eit lengre munnleg innlegg som kvalifiseringsoppgåve.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei mappeinnlevering.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Eksamen må besvares på norsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Periodisk emnerapport vår 2014

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Vår 2019

Eksamen

Vår 2019

Undervisningsspråk

Norsk