NOR2120 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden
Skildring av emne
Kort om emnet
Emnet omhandlar språkleg variasjon langs ulike aksar - både geografisk, sosial og stilistisk. Medan dialektologien har hovudfokus på den geografiske dimensjonen, ser sosiolingvistikken på språkleg variasjon i høve til sosiale forhold, og har fokus på korleis språkleg stil er kopla til ulike identitetskategoriar.
Emnet tek føre seg teoriar og metodar innanfor sosiolingvistikk og dialektologi, inkludert eit faghistorisk oversyn over desse disiplinane, med særleg vekt på norsk faghistorie.
Emnet omfattar framstillingar av sosiolingvistiske og dialektologiske tilhøve primært i Noreg og Norden, men også i andre delar av verda.
Pensumomfang: 700-1000 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- gjere greie for sosiolingvistisk og dialektologisk teori, metode og faghistorie
- analysere lokal, sosial og stilistisk variasjon
- gjere greie for korleis språkleg variasjon kan vere uttrykk for ulike identitetstilknytingar
- seie noko om dei viktigaste utviklingstendensane i norsk talemål i dag, og om forholdet mellom dialekt og standard
- seie noko om framveksten av nye dialektar, sosiolektar og (multi)etnolektar
Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Tilrådde forkunnskapar
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR4120 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 2.
Undervisning
Undervisninga på i alt 28 timar vil veksle mellom forelesning og seminar. Ei obligatorisk munnleg oppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.