Krav til deg som går på Honours-programmet
Du må oppretthalde studieprogresjonen medan du er på utveksling (minimum 70 studiepoeng i året, i snitt 35 studiepoeng per semester). Det er ikkje mogleg å utsette eller erstatte HON-emna, du må difor ta HON-emne medan du er på utveksling. Emneansvarlege tilrettelegg for du skal kunne gjennomføre HON-emner når du ikkje er fysisk tilstades på UiO ved at du vil kunne følgje undervisninga på Zoom.
Elles gjeld dei same krava for utveksling som for studentar på disiplinprogramma.
Kvar og når kan du reise?
Honours-studentar kan søkje på dei same utvekslingsavtalane som gjeld for disiplinprogrammet. Når i studieløpet du kan reise på utveksling, avheng av kva fordjuping du går på.
Meir informasjon om utveksling finn du her:
Spørsmål om utveksling?
Ta kontakt med SV-info.