Når du er teken opp til studieprogram eller skal ta enkeltemne ved UiO, må du kvart semester
- betale semesteravgift og Kopinor-avgift
- registrere deg i Studentweb og melde deg til undervisning og eksamen.
Når du har gjort dette, er du registrert som student for det semestret.
Fristar
- Sjå fristar for å søkje plass på undervisninga og melde deg til eksamen
- Registrering og betaling:
- Haust: 1. september
- Vår: 1. februar
Slik registrerer du deg i Studentweb
- Ny student om høsten? Vent til august. Ny student om våren? Vent til januar.
- Logg inn i Studentweb
- Start registreringa ved å trykke på den store grøne knappen 'Start registrering'. Sjå rettleiing for registrering
- Legg inn emna du skal ta i Utdanningsplanen. Sjå rettleiing for korleis du legg inn emne i utdanningsplanen.
- Søk plass på undervisninga og meld deg til eksamen. Sjå dei ulike fristane.
- Skal du på utveksling frå UiO? Kontakt fakultetet for kva du skal registrere i utdanningsplanen.
- Lagre og fullfør registreringsrekkja.
Har du utdanningsplan (dvs. at du er tatt opp på eit studieprogram) og vil søkje plass på andre emne (til dømes enkeltemne) enn dei som kan inngå i utdanningsplanen på studieprogrammet? Du kan gjere dette etter at du har registrert deg. Vel Aktive emne i menyen i Studentweb. Merk at du ikkje får opp den store grøne knappen 'Start registreringa' på nytt i same semester.
Byte seminargruppe?
Du kan sjølv prøve å byte seminargruppe i Studentweb.