Parkering ved UiO
Det er berre tillate å parkere på oppmerka plassar. Det er ikkje lov til å parkere innanfor bommane på campusområdet på Blindern.
I tidsrommet 08.00-16.00 frå mandag til fredag gjeld følgjande:
For å kunne parkere på UiO, må du ha oblat. Oblaten festar du på venstre side av frontruta. Har du gjestekort, legg du det synleg i frontruta. Parkeringsløyvet følgjer kjøretøyet. Kjøretøyet kan berre ha oblat eller løyve for ei gruppe.
Studentar
Registrerte studentar får oblat merka med "S". Hvert år skal oblaten skiftes ut. Frist for utskiftning er 15. februar. Oblat for studentar får du på SiO-senteret i Kristian Ottosens hus, Blindern.
Entreprenørar, handverkarar, servicefirma o.l.
Parkeringskort merka "E" får du hos områdekontoret i det aktuelle området eller hos Budsentralen i underetasjen i Administrasjonsbygget.
Parkeringskorta skal ikkje gjelde for over tre månader. Bilar med E-løyver kan parkere på A-, E- og S-plassar.
Gjestar
Dersom du skal vitje ei eining eller ein tilsett ved UiO, får du såkalt B-kort. Besøket skal vere kort, for eksempel to dagar (maksimalt ei uke). Korta blir skrivne ut av den eininga du er gjest hos. Kvar og kor lenge du er gjest blir skrive på kortet. Bilar med B-kort kan parkere på A-, R- og S-plassane. I tillegg finst det parkeringsplassar med betalingsautomatar.
Varelevering
Kortvarig stans for av- og påstiging og for å lesse på og av kan gjerast der skiltinga tillét det.
Handicap-parkering
Parkeringsplassar for funksjonshemma er merka med handikap-symbol og gjeld for funksjonshemma med kommunalt parkeringsløyve.
R-oblat
Personar med særskilde behov i tenesta kan søkje om R-oblat. Bilar med R-oblat kan parkere på A-, R- og S-plassane. Teknisk avdeling handsamar søknader om R-oblat.