NOR4174 – Fordjupingsemne i nordisk språkvitskap: morfologi

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Det faglege temaet på dette emnet skifter frå semester til semester, men sams for alle er at det gjev studentane høve til å fordjupa seg i avgrensa spørsmål innanfor morfologisk teori med fokus på dei nordiske språka.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunna:

  • ha innsikt i morfologisk teori innanfor eit avgrensa område
  • kjenna til forskingslitteratur og aktuelle forskingsspørsmål innanfor eit avgrensa område
  • ta stilling til konkrete forskingshypotesar
  • ytra seg sjølvstendig om aktuelle forskingsspørsmål

Opptak til emnet

Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få tilgang til emnet dersom dette er klarert med eige program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

NOR2111 – Syntaks og morfologi i nordiske språk eller

NOR4112 – Syntaks og morfologi i nordiske språk eller

LING1112 – Morfologi og syntaks 1 eller

LING2104 – Morfologi og syntaks 2

Studentar som ikkje har teke nokre av desse emna bør ha kunnskap tilsvarande det som er på pensum om morfologi på NOR2111, anten gjennom tidlegare kunnskap eller ved å lesa dette pensumet før emnet byrjar.

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 10 timar førelesingar og 10 timar seminarundervisning.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23.000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret. Oppgåva blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Eksamensspråk

Du kan besvare eksamenen på norsk, svensk eller dansk. Søknad om annet eksamensspråk sender du til kontaktpunktet for emnet.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 24. mai 2024 20:25:35

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår, Haust

Emnet vert gjeve med ujamne mellomrom.

Eksamen
Vår, Haust
Undervisningsspråk
Norsk