NOR2111 – Syntaks og morfologi i nordiske språk

Kort om emnet

Emnet tek føre seg nyare syntaktisk og morfologisk teori brukt på moderne norsk språk, med noko kontrastiv jamføring med dei andre nordiske språka.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne

  • gjere greie for nokre sentrale idear i nyare grammatisk teori, både syntaks og morfologi
  • presentere nokre sentrale grammatiske problem og vurdere ulike analyseframlegg
  • gjere greie for kva slags kunnskap grammatisk kunnskap er

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Obligatoriske forkunnskapar

NOR1100 – Norsk grammatikk eller tilsvarande kunnskapar.

Det er ein føremon med lingvistikkvarianten av examen facultatum.

Overlappande emne

Undervisning

28 timar seminarundervisning. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei prøveforelesning

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan svara på norsk, svensk eller dansk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 24. mai 2024 20:25:14

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning

Haust 2024

Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
Norsk