Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Pensum vil vere eit utval av tekstar (lærebok og/eller forskningsarbeid) innafor teoretisk orientert morfologi og syntaks. Innhaldet vil variere både når det gjeld teoretisk tilnærming og språklige fenomen.

Kva lærer du?

Når du har gjennomført dette emnet, kan du gjere greie for og diskutere synspunkt frå nyare morfologisk og syntaktisk forskning, både når det gjeld analyser og tilhøve til teori. Du skal óg kunne nytta synspunkt frå dette i tilhøve til andre data, frå morsmålet eller andre språk.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

LING1112 – Morfologi og syntaks 1
Tilsvarande dokumenterte kunnskapar kan gi grunnlag for opptak til emnet.

Overlappande emne

Undervisning

Totalt vert det gjeve 28 timar undervising, 2-4 timar i veka og enkelte opphald i undervisinga undervegs.

Undervegs er det ei obligatorisk kvalifiseringsoppgåve. Kvar enkelt kan sjølv bestemma om oppgåva skal leverast inn skriftleg, eller presenterast munnleg - eventuelt som innlegg på ei simulert mini-konferanse. Dette tar faglærer opp med studentane ved semesterstart. Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåven må vera godkjent av faglærer før ein kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldige de to neste gangene emnet tilbys.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

3 dagar heimeeksamen; oppgåva skal vera på om lag 5 sider.

Eksamen på dette emnet er digital og vil foregå i eksamenssystemet Inspera. Følg med på semestersiden (Timeplan, pensum og eksamensdato) for mer informasjon.

Innlevering i Inspera

Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Du kan skrive eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Normalt norsk, engelsk høsten 2019.