LING2121 – Fonetikk og fonologi 2
Timeplan, pensum og eksamensdato
Velg semester
Kort om emnet
Dette er eit videregåande kurs i det vitenskapelige studiet av fonetikk og fonologi.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane ha fått innsyn i sentrale problemstillingar knytte til fonetikk og fonologi, både empiriske og teoretiske. Studiet skal leggje grunnlaget for sjølvstendig arbeid med fonetikk og fonologi.
Emnet har undervisning saman med LING4111. Det vert sette noko høgre krav for LING4111 enn for LING2121.
Endelig karakter viser i hvilken grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Overlappande emne
- 5 studiepoeng overlapp mot LING2105 – Fonetikk 2 (nedlagt)
- 5 studiepoeng overlapp mot LING2106 – Fonologi 2 (nedlagt)
- 10 studiepoeng overlapp mot LING4111 – Fonetikk og fonologi 2
Undervisning
Undervisinga går over heile semesteret med totalt 20 timer.
Underveis i kurset er det ei obligatorisk skriftlig kvalifiseringsoppgåve. Informasjon om tid og stad for denne vil bli opplyst om på semestersidene. Kvalifiseringsoppgåva må vera godkjend av faglærar før ein kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Skriftlig semesteroppgave på ikkje meir enn 10 sider (à 2300 teikn utan mellomrom).
Kjeldebruk og referansar
Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.
Eksamensspråk
Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.
Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.