NOR2111 – Syntaks og morfologi i nordiske språk
Skildring av emne
Kort om emnet
Kva lærer du?
Emnet gir innsikt i nyare syntaktiske og morfologiske teoriar samt øving i grammatisk analyse, og dermed ei djupare forståing av strukturen i norsk og dei andre nordiske språka og dialektane
Etter fullført emne skal studentane kunne
- gjere greie for nokre sentrale idear i nyare grammatisk teori, både syntaks og morfologi
- presentere sentrale grammatiske problem i dei nordiske språka og dialektane samt vurdere ulike analyseframlegg
- tillempe syntaktisk og morfologisk teori på data frå dei nordiske språka og dialektane
Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Obligatoriske forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR4112 – Syntaks og morfologi i nordiske språk.
Undervisning
28 timar seminarundervisning.
Ei skriftleg obligatorisk oppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Eksamensspråk
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.