NOR2430 – Nynorsk skriftkultur

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Nynorsk er ein sentral del av norskfaget i norsk skule, og fleirtalet av elevane får opplæring i nynorsk, anten som hovud- eller sidemål. Dette emnet undersøkjer nynorsk skriftkultur og nynorsk som eit kulturelt og politisk prosjekt frå 1800-talet til i dag.

Emnet femnar om nynorskens historie, frå Ivar Aasens språkreising, gjennom nynorskens som eit motkulturelt prosjekt, hos Arne Garborg og framover, til nynorsken som distriktsopprør og middel til litterær fornying i Noreg i dag.

Emnet er særleg retta mot dei som jobbar med nynorsk i skulen, forvaltning, bibliotek og andre stader.

Kva lærer du?

Etter å ha gjennomført emnet skal studentane kunne

  • syne kunnskap om nynorsk både som skriftspråk og skriftkultur
  • diskutere nynorsk som uttrykk for motkultur og som middel til litterær fornying
  • diskutere haldningar til nynorskens stilling i samfunnet i dag
  • analysere, tolke og formidle nynorsk skjønnlitteratur og sakprosa

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga er organisert i 10 timar forelesingar og seminar.

Obligatorisk aktivitet:

Det er obligatorisk å delta på 4 av 5 undervisningssamlingar.

Studenten må òg få godkjent ei obligatorisk kvalifiseringsoppgåve.

Studentar som har fått godkjent kvalifiseringsoppgåva og som har delteke i obligatorisk aktivitet, har rett til å gå opp til eksamen.

Eksamen

Semesteroppgåve

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 14. okt. 2026 21:40:42

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
5
Undervisning
Haust
Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Norsk