Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Fleirtalet av norske elevar skal ha undervisning i nynorsk. Nynorsk skriftkultur skal òg introduserast for elevar som ikkje har norsk som morsmål. Emnet gir deg inngåande kunnskap om og ferdigheit i det nynorske skriftmålet, og gir deg kjennskap til korleis du kan arbeide med nynorsk i klasserommet. Emnet femnar om det nynorske skriftmålet, nynorsk skriftkultur, nynorskopplæringa i skulen, haldningane til nynorsk og målstoda i Noreg. Emnet legg særleg vekt på den litterære og retoriske krafta i målforma, og byggjer kunnskapsgrunnlag for drøfting av ulike språkhaldningar. 

Emnet inneheld 15 praksisdagar. I praksisen skal du mellom anna prøve ut ulike undervisningsopplegg og gi tilbakemeldingar på nynorskskrivinga til elevane. Du skal også dele nye nynorskressursar eller drøfte haldningar til nynorsk med lærarkollegiet. 

Kva lærer du?

Etter fullført emne har du tileigna deg:

kunnskapar om

  • nynorsk, både som skriftspråk og skriftkultur
  • korleis ein kan arbeide variert med nynorsk i klasserommet
  • tolking, analyse og formidling av nynorsk skjønnlitteratur og sakprosa
  • haldningar til språkleg variasjon med vekt på nynorsken si stilling
  • forsking på nynorskundervisning

ferdigheiter i å

  • skrive klår akademisk sakprosa på nynorsk i tråd med gjeldande skriftnormer
  • vurdere ulike nynorske tekstuttrykk og skilje mellom god og dårleg nynorsk språkføring
  • gi respons på nynorske innlærartekstar
  • på kvalifisert og kritisk vis drøfte haldningar til nynorsk, både i skulen og i samfunnet elles
  • kritisk reflektere over målstoda i det fleirspråklege Noreg
     

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Emnet er berre ope for studentar på nordisk programspesialisering i Lektorprogrammet.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot NOR4520 – Nynorsk for lektorstudentar

Undervisning

Emnet blir undervist saman med NOR4520 nynorsk for lektorstudentar (utan praksis).

Undervisninga er organisert i 6 forelesingar (som vekslar mellom 2 timar og 4 timar) og 3 seminar (på 2 timar). Som ein del av praksisen i emnet er det obligatorisk å delta i minst to av seminara. 

I seminara vil du arbeide med utvikling av eigen nynorskkompetanse og med nynorskdidaktikk retta mot dei tre forelesingsbolkane språk, litteratur, og retorikk og sakprosa. Dette vil mellom anna innebere øving i å gi respons på nynorske innlærartekstar og arbeid med undervisningsopplegg for nynorskundervisning.

Emnet inneheld 15 dagar praksis. Som del av praksisen skal du delta på minst to av seminara (sjå over), og gjennomføre definerte komponentar ved ein praksisskule, spesifisert i emnets praksiskort. Du blir tilknytt ein rettleiar ved praksisskulen, og saman utarbeider de ein plan for når og korleis praksisen skal gjennomførast. Dersom det er ønskeleg og mogleg, kan noko av tida ved praksisskulen brukast til å samle inn empiri til masteroppgåva.

Obligatoriske forhold i undervisninga:

Praksisrettleiar skal godkjenne at praksisen ved praksisskulen er gjennomført i samsvar med praksiskortet. Seminarlærar skal godkjenne at studenten har deltatt på minst to av seminartimane.

Studenten må også levere og få godkjend ei obligatorisk, skriftleg kvalifiseringsoppgåve. Kvalifiseringsoppgåva er samansett og har følgjande komponentar:

  1. Levere 1-2 sider førsteutkast på ei av mappeoppgåvene 
  2. Gi tilbakemelding på førsteutkastet til ein medstudent, inkludert retting av nynorskfeil. 

Alle delane av kvalifiseringsoppgåva skal skrivast på nynorsk.

Faglege krav for å kunne gå opp til  eksamen

Studentar som har fått godkjend praksis og som har levert og fått godkjend kvalifiseringsoppgåva, har rett til å gå opp til eksamen. Praksisdelen og kvalifiseringsoppgåva får vurdering godkjend/ikkje-godkjend.

Eksamen

Mappeeksamen med tre obligatoriske skriftlege heimearbeid, kvart på 3 sider, som skal skrivast i løpet av semesteret. Éin tekst vil få respons frå ein medstudent undervegs i semesteret, og det er tilbod om respons frå faglærar på dei to andre. Alle tekstane skal skrivast på nynorsk. Sjå semestersida for omfangs- og innhaldskrav til dei ulike mappetekstane.

Innlevering i Inspera

Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Nynorsk. Kravet om nynorsk er uavhengig av eventuelle tidlegare fritak.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Norsk