NOR4122 – Norsk fonologi
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunna:
- gjera greie for viktige drag ved det fonologiske systemet i det norske språket
- sjå fonologiske drag ved norsk i samband med det fonologiske systemet i andre språk
- skildra og gjera greie for fonologiske drag innanfor eit teoretisk rammeverk
- gjera greie for korleis nye fonologiske drag har oppstått
Opptak til emnet
For å få opptak til dette emnet må du vere tatt opp som programstudent på eit av desse studieprogramma:
- Nordisk språkvitenskap (studieretning)
- Norsk som andrespråk (studieretning)
- Lektorprogrammet (master), masterspesialisering nordisk
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.
Tilrådde forkunnskapar
NOR1100 – Norsk grammatikk eller
LING1111 – Innføring i fonetikk og fonologi eller
EXFAC03-NORD – Examen facultatum, nordiske studier eller
EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap
Studentar som ikkje har teke eit av desse emna bør ha kunnskap tilsvarande det som er på pensum om fonetikk og fonologi på EXFAC03-NORD – Examen facultatum, nordiske studier eller EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap, anten gjennom tidlegare kunnskap eller ved å lesa dette pensumet før emnet byrjar.
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR2122 – Norsk fonologi.
Undervisning
Undervisninga går over heile semesteret med totalt 14 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning.
Ei kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Eksamen
Semesteroppgåve.
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.