NOR4172 – Fordjupingsemne i nordisk språkvitskap: sosiolingvistikk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Det faglege temaet på dette emnet skifter frå semester til semester, men sams for alle er at det gjev studentane høve til å fordjupa seg i avgrensa spørsmål innanfor sosiolingvistisk teori med fokus på dei nordiske språka.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunna:

  • ha innsikt i sosiolingvistisk teori innanfor eit avgrensa område
  • kjenna til forskingslitteratur og aktuelle forskingsspørsmål innanfor eit avgrensa område
  • ta stilling til konkrete forskingshypotesar
  • ytra seg sjølvstendig om aktuelle forskingsspørsmål

Opptak til emnet

For å få opptak til dette emnet må du vere tatt opp som programstudent på eit av desse studieprogramma:

Studenter med studierett på program må hvert semester søke og få plass på undervisningen og melde seg til eksamen i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.

Emnet vert berre tilbudt dersom minst 5 studentar har meldt seg.

NOR2120 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 2 / NOR4120 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 2

Studentar som ikkje har teke dette emnet bør ha kunnskap tilsvarande det som er på pensum på NOR2120, anten gjennom tidlegare kunnskap eller ved å lesa dette pensumet før emnet byrjar.

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 20 timar seminarundervisning.

Ei obligatorisk oppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Den obligatoriske oppgåve er berre gyldig det semesteret den vert godkjend.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23.000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamenen på norsk, svensk eller dansk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Høve til ny eller utsett eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 10:14:56

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust
Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Norsk