NOR4174 – Fordjupingsemne i nordisk språkvitskap: morfologi
Kort om emnet
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunna:
- ha innsikt i morfologisk teori innanfor eit avgrensa område
- kjenna til forskingslitteratur og aktuelle forskingsspørsmål innanfor eit avgrensa område
- ta stilling til konkrete forskingshypotesar
- ytra seg sjølvstendig om aktuelle forskingsspørsmål
Opptak til emnet
For å få opptak til dette emnet må du vere tatt opp som programstudent på eit av desse studieprogramma:
- Nordisk språkvitenskap (studieretning)
- Norsk som andrespråk (studieretning)
- Lektorprogrammet (master), masterspesialisering nordisk
Studentar med studierett på program må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få tilgang til emnet dersom dette er klarert med eige program.
Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre studieprogram.
Tilrådde forkunnskapar
NOR2111 – Syntaks og morfologi i nordiske språk eller
NOR4112 – Syntaks og morfologi i nordiske språk eller
LING1112 – Innføring i morfologi og syntaks eller
LING2104 – Fordypning i morfologi og syntaks
Studentar som ikkje har teke nokre av desse emna bør ha kunnskap tilsvarande det som er på pensum om morfologi på NOR2111, anten gjennom tidlegare kunnskap eller ved å lesa dette pensumet før emnet byrjar.
Undervisning
Eksamen
Eksamensspråk
Karakterskala
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.