FRA2509 – La société française
Timeplan, pensum og eksamensdato
Velg semester
Kort om emnet
Emnet skal dekkje dei viktigaste sidene ved det franske samfunnet i dag. Ein vil studere nærings- og arbeidsliv, det politiske systemet og det politiske livet, utdanningssystemet og ulike sosiale spørsmål. Det skal også vere rom for å ta opp dagsaktuelle hendingar som viktige politiske val, sosiale konfliktar og grunnleggjande samfunnsdebattar.
Kva lærer du?
Studentane skal kunne gjere greie for:
- korleis det franske samfunnet er bygd opp og fungerer i dag
- kva som særpregar det franske samfunnet politisk, sosialt og økonomisk
- det franske utdanningssystemet
- det franske politiske systemet
- ulike sosiale og dagsaktuelle spørsmål
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Ved for få påmeldte studenter vert undervisning og eksamen i emnet avlyst.
Forkunnskapar
Obligatoriske forkunnskapar
FRA1501 – Fransk historie fra Revolusjonen til i dag eller FRA1502 – Fransk kulturkunnskap 2 (nedlagt) eller tilsvarende kunnskaper.
Anbefalte forkunnskapar
FRA1501 – Fransk historie fra Revolusjonen til i dag og FRA1502 – Fransk kulturkunnskap 2 (nedlagt)
Overlappande emne
Emnet kan overlappe med nedlagte emner og gamle studieenheter av typen semesteremne, grunnfag og mellomfag. Studenten må selv påse at innholdet i emnet ikke overlapper med studieenheter det tidligere er oppnådd studiepoeng for. Ta evt kontakt med instituttet ved spørsmål.
Undervisning
Undervisninga blir gitt som 1 time førelesing og 1 time seminar i 10 veker. Det er obligatorisk å levere inn eit førsteutkast på semesteroppgåva som må godkjennast av faglærar før framstilling til eksamen.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisingsaktivitet før eksamen.
Eksamensforma på emnet er semesteroppgave på 8-10 sider (à 2300 teikn utan mellomrom). Svaret skal skrivast på fransk.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Tidligare eksamensoppgåver og sensorrettleiingar
Innlevering i Inspera
Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.
Kjeldebruk og referansar
Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.
Hjelpemiddel
Le Petit Robert
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.