ITA4105 – Italiensk språk: Skriftlege øvingar

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

I emnet arbeidet du med ei kontrastiv tilnærming til italiensk og norsk tekstar. Du får ei praktisk og systematisk oversikt over forskjellar mellom tekstar på italiensk og norsk i ulike genre. I arbeidet med tekstene vil du få ei innføring i omgrepa kontrastiv stilistikk, interkulturell pragmatikk og leksikalsk semantikk, altså korleis tekstar vert utforma, kva for ei tyding ord kan ha og korleis språk vert brukt i forskjellige høve.

Den kontrastiv tilnærminga bidrar til å utvikle den språklege dugleiken din i italiensk og gi deg kompetanse som vil vere nyttig i den praktiske bruken. I emnet arbeider du med mellom anna akademiske, journalistiske, litterære, politiske tekstar.

Kva lærer du?

Når du har fullført emnet kan du:

  • samanlikne forskjellige tekstar og genrar skrive på italiensk og norsk
  • forklare korleis teksten (på italiensk vs. på norsk) er bygga opp etter syntaktiske og leksikalske regler
  • utrykke deg skriftleg om emnet sitt tema i tråd med grammatiske reglar
  • bruk/velje riktige ord og leksikalske uttrykk i tråd med tekstens genre og stil
  • forstå betre forholdet mellom ein utgangstekst og omsetjinga hans, og nokre av dei problema som omsetjaren må løyse i løpet av arbeidet sitt

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Emnet krever opptak til master i italiensk, eller et annet relevant masterprogram.

Ved få påmeldte studenter kan emnet bli avlyst.

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga i emnet er samlingsbasert, og blir bestemd i samråd med studentane i starten av semesteret.

Det er krav om obligatorisk aktivitet på emnet:

Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får difor ikkje gyldig forfall til undervisinga på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skuldast hindringar som du sjølv ikkje kan lastast for.

Dersom emnet har fysisk undervising og du er meld til ei fysisk seminargruppe, skal du møte til undervisinga i rommet som er oppgjeve i timeplanen.

Dersom emnet har digital undervising og du er meld til ei digital seminargruppe, skal du vere til stades med påslått skjerm.

I særlege høve, til dømes ved alvorleg eller langvarig sjukdom, kan du søkje om tilrettelegging.

Godkjend aktivitet er berre gjeldande noverande semester.

Eksamen

Du må ha godkjent obligatorisk aktivitet (sjå over) før eksamen.

Studenten skal levere ei mappe på maks 10 sider. Mappa skal innehalda fleire skriftlege øvingar frå dei to skriftlege oppgåvene levert i løpet av semesteret.

Her finn du sensorrettleiinga for emnet.

Eksamensspråk

Italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter innleveringsdato.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 16. okt. 2026 20:32:29

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår
Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
  • Italiensk
  • Norsk