Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

I emnet arbeider du med ei kontrastiv tilnærming til italienske og norske tekstar. Du får ei praktisk og systematisk oversikt over forskjellar mellom tekstar på italiensk og norsk i ulike genre. I arbeidet med tekstene vil du få ei innføring i omgrepa kontrastiv stilistikk, interkulturell pragmatikk og leksikalsk semantikk, altså korleis tekstar vert utforma, kva for ei tyding ord kan ha og korleis språk vert brukt i forskjellige høve. Den kontrastive tilnærminga bidreg til å utvikle den språklege dugleiken din i italiensk og gi deg kompetanse som vil vere nyttig i den praktiske bruken. I emnet arbeider du med mellom anna akademiske, journalistiske, litterære, politiske tekstar.  

Undervisninga inkluderer ei veke med undervisning og feltarbeid i Roma (hjå DNIR), såframt det er tilstrekkeleg med studentar på emnet.

Kva lærer du?

Når du har fullført emnet kan du:

  • samanlikne forskjellige tekstar og genrar skrive på italiensk og norsk:
  • forklare korleis teksten (på italiensk vs. på norsk) er bygga opp etter syntaktiske og leksikalske reglar
  • utrykke deg skriftleg om emnet sitt tema i tråd med grammatiske reglar
  • bruk/velje riktige ord og leksikalske uttrykk i tråd med tekstens genre og stil.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

For å fylgje seminarundervisning må du ha undervisningsopptak til emnet.

Ved få påmeldte studentar kan emnet bli avlyst.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot ITA4105 – Italiensk språk: skriftlege øvingar

Emnet kan overlappe med nedlagte emne og gamle studieeiningar av typen semesteremne, grunnfag og mellomfag. Du må sjølv sørgje for at innhaldet i emnet ikkje overlappar med studieeiningar du har oppnådd studiepoeng for tidlegare. Ta evt. kontakt med instituttet ved spørsmål.

Undervisning

Undervisninga vert gitt som 2 timars seminar med til saman 30 timar undervisning. Timane er fordelt slik gjennom semesteret: 3 dobbeltimar seminar – innføring i Oslo; 10 dobbeltimar seminar – seminar i Roma (ved DNIR); 2 dobbeltimar seminar – konklusjon i Oslo.

Studentar som ikkje kan reise til Roma kan etter avtale få alle Roma-materiala for sjølvstudium.

Det er krav om obligatorisk aktivitet på emnet: Det er obligatorisk oppmøte på to av seminara, det første og det siste. Du skal og levere utkast av to skriftlege oppgåver (ei innlevering før Roma og ei ei veke etter). Oppgåvene må godkjennast av faglærar før eksamen.

Godkjent aktivitet er kun gyldig inneverande semester

Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om gyldig fråvær eller utsetting.

.

Eksamen

Du må ha godkjent obligatorisk aktivitet (sjå over) før eksamen.

Eksamensforma på emnet er ein 4 timer skriftleg eksamen. 

Digital skuleeksamen

Skuleeksamen gjerast i det digitale eksamenssystemet Inspera. Du må gjere deg kjend med gjennomføringa av digital eksamen i Inspera.

Les meir om digital skuleeksamen.

Eksamensspråk

Italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar vår

Eksamen

Same semester det undervisninga vert gitt.

Undervisningsspråk

Italiensk