Spesielle opptakskrav

Nokre studieprogram har i tillegg til generell studiekompetanse krav om spesielle fag og/eller karakterkrav frå vidaregåande skule.

Medisin, odontologi, klinisk ernæring og farmasi

Du må ha ein av desse:

  • Matematikk R1
  • Matematikk (S1 + S2)

Og begge desse:

  • Fysikk 1 og
  • Kjemi (1+2)

Informatikk: digital økonomi og ledelse (bachelor)

  • Du må ha Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2)

Informatikk: programmering og systemarkitektur (bachelor) 

Du må ha:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2)

Informatikk: robotikk og intelligente systemer (bachelor)

Du må ha:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2) + R2

Og ein av desse:

  • Fysikk (1+2)
  • Kjemi (1+2)
  • Biologi (1+2)
  • Informasjonsteknologi (1+2)
  • Geofag (1+2)
  • Teknologi og forskingslære (1+2)

Til og med studieåret 2021/2022 hadde dette programmet krav om R2 som del av ei forsøksordning. Frå og med studieåret 2022/2023 er kravet om Matematikk R2 permanent.

Biovitskap (bachelor)

Du må ha:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2) 

Og ein av desse:

  • Matematikk R2
  • Fysikk (1+2)
  • Kjemi (1+2)
  • Biologi (1+2)
  • Informasjonsteknologi (1+2)
  • Geofag (1+2)
  • Teknologi og forskingslære (1+2)

Matematikk R2 var eit krav til og med studieåret 2021/2022 som del av ei forsøksordning. Frå og med studieåret 2022/2023 er det ikkje lenger eit krav med matematikk R2. 

Geologi og geografi (bachelor)

Du må ha:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2) 

Og ein av desse:

  • Matematikk R2
  • Fysikk (1+2)
  • Kjemi (1+2)
  • Biologi (1+2)
  • Informasjonsteknologi (1+2)
  • Geofag (1+2)
  • Teknologi og forskingslære (1+2)

Matematikk R2 var eit krav til og med studieåret 2021/2022 som del av ei forsøksordning. Frå og med studieåret 2022/2023 er det ikkje lenger eit krav med matematikk R2. 

Program innan matematikk, naturvitskap og teknologi

Du må ha:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2) +R2

Og ein av desse:

  • Fysikk (1+2)
  • Kjemi (1+2)
  • Biologi (1+2)
  • Informasjonsteknologi (1+2)
  • Geofag (1+2)
  • Teknologi og forskingslære (1+2)

Til og med studieåret 2021/2022 hadde desse programma krav om R2 som del av ei forsøksordning. Frå og med studieåret 2022/2023 er kravet om Matematikk R2 permanent.

Samfunnsøkonomisk analyse (master - 5 år)

Du må ha:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2)

Lærerutdanning (Lektorprogrammet)

Søkjarar til studieretningane Kultur- og samfunnsfagNordiskEngelsk og Fremmedspråk må ha enten:

  • minimum 35 skulepoeng
  • eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timer)*
  • eit gjennomsnitt på minimum karakteren 4,0 i matematikk (224 timer). Har du bestått eit programfag i matematikk (S1, S2, R1 eller R2), dekkjer du matematikkkravet uansett karakter i dette programfaget.

eller:

  • minimum 40 skulepoeng
  • eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timer)*
  • eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i matematikk (224 timer). Har du bestått eit programfag i matematikk (S1, S2, R1 eller R2), dekkjer du matematikkkravet uansett karakter i dette programfaget.

Søkjarar til studieretning Realfag må ha:

  • minimum 35 skulepoeng
  • eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timer)*
  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2) + R2

Og ein av desse:

  • Fysikk (1+2)
  • Kjemi (1+2)
  • Biologi (1+2)
  • Informasjonsteknologi (1+2)
  • Geofag (1+2)
  • Teknologi og forskingslære (1+2)

* Har du samisk som førstespråk eller andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk for gjennomsnittet av karakterane i norsk (309 timer) og samisk (309 timer). Har du norsk teiknspråk eller finsk som andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk gjennomsnittet av karakterane i første– og andrespråk.

Til og med studieåret 2021/2022 hadde studieretning realfag krav om R2 som del av ei forsøksordning. Frå og med studieåret 2022/2023 er kravet om Matematikk R2 permanent.

Andre måtar å dekkje krava på

Du kan dekkje dei spesielle opptakskrava med eldre realfag frå videregåande skule (samordnaopptak.no). Har du ikkje dei aktuelle realfaga frå vidaregåande skule, er det mogleg å dekkje dei spesielle opptakskrava med fag frå høgare utdanning.

Sjå også

Kontakt

Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter.

Publisert 26. apr. 2010 15:42 - Sist endra 13. jan. 2022 10:27