Spesielle opptakskrav for enkeltemne

Nokre enkeltemne har krav om realfag frå vidaregåande skule i tillegg til generell studiekompetanse. Dette er spesielle opptakskrav. 

For å bli registrert med spesielle opptakskrav må du søkje om å bli enkeltemnestudent i Søknadsweb innan fristen.

For å kunne søkje på ledige emne innan den kategorien emne du vil, må du dokumentere dei spesielle opptakskrava i Søknadsweb. 

Nokre emne i realfag og informatikk har ikkje spesielle opptakskrav, eller har andre spesielle opptakskrav enn kategorien dei tilhøyrer.

Enkeltemne i informatikk

Du må dokumentere:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1+S2)

Unntak

IN3140 har same spesielle opptakskrav som enkeltemne i realfag.

Enkeltemne i biovitskap, geologi og geografi

Du må dokumentere:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1+S2) 

Og ein av desse:

  • Matematikk R2
  • Fysikk (1+2)
  • Kjemi (1+2)
  • Biologi (1+2)
  • Informasjonsteknologi (1+2)
  • Geofag (1+2)
  • Teknologi og forskningslære (1+2)

Enkeltemne i realfag

Du må dokumentere:

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1+S2) og Matematikk R2

Og ein av desse:

  • Fysikk (1+2)
  • Kjemi (1+2)
  • Biologi (1+2)
  • Informasjonsteknologi (1+2)
  • Geofag (1+2)
  • Teknologi og forskningslære (1+2)

Unntak

MAT1050, MAT1060 og FYS1001 har same spesielle opptakskrav som enkeltemne i biovitskap, geologi og geografi. STK1000 har same spesielle opptakskrav som enkeltemne i informatikk.

Enkeltemne i informatikk/realfag som ikkje har spesielle opptakskrav

Nokre emne i informatikk og realfag har ikkje spesielle opptakskrav:

Skal du kun ta desse emna, søkjer du alternativet Emne i kultur-, språk- og samfunnsfag i Søknadsweb.

Andre måtar å dekkje krava på

Du kan dekkje dei spesielle opptakskrava med eldre realfag frå videregåande skule (samordnaopptak.no). Har du ikkje dei aktuelle realfaga frå vidaregåande skule, er det mogleg å dekkje dei spesielle opptakskrava med fag frå høgare utdanning.

Er du programstudent ved MN-fakultetet?

Registrering av spesielle opptakskrav for programstudentar ved UiO

Kontakt

Knutepunktet - sentralt infosenter for søkjarar og studentar

Publisert 13. sep. 2017 11:13 - Sist endra 27. nov. 2023 14:46