Ørjan er dagleg leiar av eit lite legemiddelselskap

Ørjan Leiknes Apeland

Foto: Privat

– Tenk at ein kan ta noko veldig lite, ein liten tablett, og så blir ein frisk! Dette fascinerte meg heilt frå starten, seier farmasøyt Ørjan Leiknes Apeland.

I dag er han dagleg leiar for Ås produksjonslab. Det er ein liten legemiddelprodusent som driv med apotektilverking. Det vil seia at dei produserer legemiddel som det ikkje trengst marknadsføringsløyve for å produsera, på vegner av Apotekforeninga og til den norske marknaden.

– Vi produserer flytande legemiddel. I Kragerø er det eit selskap som produserer tablettar på same vilkår som vi, og injeksjonsvæsker er det Rikshospitalet som produserer.

Noko som få andre kan

Apeland vart fanga av farmasifaget då han arbeidde på eit apotek i arbeidsveka i niande klasse. Han innsåg straks at dette var noko for han.

– Farmasøytane der var flinke og engasjerte i faget sitt. Det tiltala meg at det gjekk an å få kunna så mykje om eit såpass smalt felt som farmasi. Medisinstudiet femner mykje vidare, seier Apeland.

Han ordna seg deltidsjobb på apotek gjennom heile vidaregåande, og òg i studietida jobba han på apotek ved sida av. Arbeid på apotek var ein del av planen heile vegen, heilt til han fekk seg ein ny deltidsjobb i fjerde året på studiet.

– Eg starta på Syklotronsenteret, som driv med produksjon av radioaktive legemiddel. Eg likte jo å kunna noko som få andre kan, og legemiddelproduksjon er det endå færre som kan, ler han.

Frå planlegging til lagerrydding

Han fekk seg fast jobb på Syklotronsenteret etter studiet. Der jobba han med kvalitetssikring på ulike nivå, og vart til slutt produksjonsleiar.

– Eg er oppteken av effektivitet, og let meg irritera dersom ting som kan gjerast på ein betre måte, ikkje vert gjort på den betre måten. Då er det greitt å vera leiar, slik at ein kan påverka arbeidsprosessane i meir effektiv retning, seier Apeland.

– Men i ei lita bedrift som Ås produksjonslab, må alle hjelpa til med alt. Den eine dagen kan eg sitja med planlegging for bedrifta, dagen etter må eg vera med og rydda på lageret.

Viktig med legemiddelproduksjon i Noreg

Då pandemien kom, påverka det etterspurnaden etter legemiddel. Produsentar som leverte legemiddel som vart brukt til operasjonar, opplevde at etterspurnaden skrumpa inn. På Ås fekk dei derimot eit rush etter eitt av produkta sine.

– Det kom pålegg om at pasientar på tannlegebesøk måtte skyla munnen sin med hydrogenperoksid før undersøking for å hindra smitta. Vi produserte ganske mykje av dette frå før, men no auka salet vårt med 400 %, fortel Apeland.

– Fordi vi er såpass små og fleksible, kunne vi kasta oss rundt og tilpassa produksjonen etter etterspurnaden. Det hjelpte òg at vi kunne låna tilsette frå systerfabrikken vår, Curida i Elverum, som hadde færre oppdrag enn vanleg.

Han understrekar kor viktig det er med legemiddelproduksjon på norsk jord.

Kan læra mykje på frukostmøte

– Det spørst kor oppteken ein utanlandsk produsent ville vera av betena ein så liten marknad som den norske. Å bygga opp norsk legemiddelproduksjon er eit beredskapsspørsmål, og vi treng jo å byggja opp fastlandsindustrien når olja skal fasast ut.

Rådet hans til komande farmasistudentar for å finna seg gode jobbar er å vera aktiv ved sida av studiet.

– Det er mange som seier omtrent det same, men eg tenkjer ikkje fyrst og fremst på studentforeiningar. På studiet lærer du mykje bra og grunnleggjande, seier han.

– Men korleis det ser ut i verda utanfor, kan du læra mykje av andre stader. Besøk Farmasidagene, bli med i Farmasøyter uten grenser, Norsk Farmasøytisk Selskap, Norges Farmaceutiske Foreining … Du kan læra mykje av å delta på eit frukostmøte med Dagens Medisin eller Legemiddelindustrien.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 3. mars 2022 07:03 - Sist endret 27. feb. 2023 08:27