Reservasjonar mot bruk av Gløymt passord

Av sikkerheitsårsaker er det nokre avgrensingar i kven som kan nytte seg av Gløymt passord-tenesta.

Aktiv tilknytting

Gløymt passord-tenesta kan berre brukast av personar som har ei aktiv tilknytting til UiO, til dømes at du er aktiv student eller ansatt. Om du er feil registrert, har slutta, eller ikkje har starta endå, vil du ikkje kunne bruke tenesta.

For å sjå om du er registrert riktig kan du logge på i Brukerinfo, gå til fana Person, og sjå om du har riktige tilknyttingar lista opp der.

Dei som slutter kan framleis bruke tenesta i nokre dagar etter sluttdato.

Mobilnummer

For å bruk Gløymt passord-tenesta treng vi eit mobilnummer å sende SMS til. Vi henter dette frå FS eller personalsystemet, så du må ha ditt mobilnummer registrert der. Vi henter berre mobilnummer frå det systemet du har aktiv tilknytting til.

Av omsyn til sikkerheiten kan du ikkje bruke eit nyleg endra mobilnummer. Det betyr at om du har endra ditt mobilnummer i Studentweb eller HR-portalen, vil du ikkje kunne bruke tenesta på ei veke. Vi veit dette er ei ulempe, men det er gjort for å unngå ein kjend sårbarhet.

Sjølvreservasjon

Om du ikkje ønsker at brukarkontoen din skal kunne byte passord med SMS, kan du gå til Brukerinfo og reservere deg. Der kan du også ta vekk reservasjonen. Dette gjeld alle brukarkontoar.

Merk at ved å reservere deg vil du seinare kunne få praktiske utfordringar med å få bytta passord. Vi erfarer at mange som reserverer seg vert seinare forvirra når dei ikkje får bytta passord, då dei gjerne har gløymd at dei har gjort dette.

Ekstra IT-tilgangar

Brukarkontoar med ekstra IT-tilgangar, til dømes IT-personell, vil ikkje kunne få bytta passord via SMS. Sjå meir detaljar om passordbytte for priviligerte brukarkontoar.

Søk i veiledningene
Kontakt brukerstøtte:

Ring oss

Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

Telefonnummer: 22 84 00 04

Send inn sak til oss

Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-hjelp@uio.no.

Gå til e-post

Book et videomøte over Zoom

Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

Book et videomøte

Chat med oss

Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

Åpne chat
Publisert 15. des. 2016 16:00 - Sist endret 19. mai 2023 09:24