English version of this page

Gløymt passord

Har du gløymt passordet ditt, kan du lage deg eit nytt ved å gå til Passordtjenester. Du må ha registrert mobilnummeret ditt i StudentWeb, vere registrert med mobilnummer i UiO sitt personalsystem, eller kunne logge inn via ID-porten. 

Lag nytt passord:

For å laga eit nytt passord gjer du følgjande:

  1. Gå til Passordtjenester 
  2. Klikk på Glemt eller utgått passord og identifiser deg med mobilnummer eller logg inn via ID-porten
  3. Skriv inn ditt nye passord

Kven kan bruke Gløymt passord-tenesta?

Student: For å kunne bruke Gløymt passord-tenesta må du:

  • Vere registrert som aktiv i Felles Studentsystem (FS). Dette gjeld også om du til dømes er privatist eller emnestudent.
  • Ha registrert mobilnummeret ditt i StudentWeb eller i UiO sitt personalsystem.

Tilsett: For å kunne bruke Gløymt passord-tenesta må du:

Av sikringsgrunnar kan du ikkje bruke Gløymt passord-tenesta om:

  • Du er medlem av ei av dei reserverte gruppene. Typisk er dette driftsgrupper som gir administratortilgangar til IT-system.
  • Du har reservert deg frå bruk av tenesta. Dette kan du sjølv styre gjennom Brukerinfo.
  • Mobilnummeret ditt har blitt endra i Studentweb eller selvbetjeningsportalen dei siste 7 dagane. Dette gjeld ikkje dersom du har fått tilsendt ein velkomst-SMS i løpet av dei 10 siste dagane.

Reservering frå bruk av Gløymt passord-tenesta

Om du ikkje ynskjer at brukarenkontoen din skal kunne få byte passord via tekstmelding, kan du gå til Brukerinfo og reservere deg. Du vil då ikkje kunne bruke Gløymt passord-tenesta. Du kan seinare fjerne denne reserveringa. 

Søk i veiledningene
 
Kontakt brukerstøtte:

Ring oss

Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

Telefonnummer: 22 84 00 04

Send inn sak til oss

Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-hjelp@uio.no.

Gå til e-post

Book et videomøte over Zoom

Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

Book et videomøte

Chat med oss

Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

Åpne chat
Publisert 15. des. 2016 16:00 - Sist endret 25. aug. 2026 12:54