ITA4311 – Moderne italiensk litteratur

Kort om emnet

Emnet gjer eit oversyn over moderne italiensk litteratur gjennom nærlesing av tekstar frå ulike sjangrar og periodar, frå tidleg 1800-tal til andre halvdel av 1900-talet - mellom anna Ugo Foscolos brevroman, Giovanni Vergas noveller, dikt av Giacomo Leopardi og Giuseppe Ungaretti, samt romanar av Italo Calvino og Natalia Ginzburg. Dei litterære verka blir og satt inn i ei litteraturhistorisk kontekst.

Emnet vil ha eit todelt fokus: 1) gjennomgang av hovudtrekk i moderne italiensk litteraturhistorie, og 2) diskusjon og analyse av sentrale tema, litterærteknikkar og andre problemstillingar i moderne italiensk litteratur.

Kva lærer du?

Når du har fullført dette emnet:

  • har du djuptgåande innsikt i vesentlege verk frå ulike sjangrar innan moderne italiensk litteratur og bakgrunnen for desse i italiensk kultur og samfunn
  • kan du gjere ein avansert litterær analyse der du nyttar eit relevant litteraturvitskapeleg omgrepsapparat og eksisterande forsking på feltet, og dessutan setje litteraturen inn i ein større samanheng
  • kan du lese og forstå italienske tekstar av høg språkleg og teoretisk vanskelegheitsgrad
  • kan du skrive ein lengre akademisk oppgåve på italiensk, der du nytter kjelder og bibliografi på rett måte
  • kan du med trygg språkføring munnleg presentere eit tema innan moderne italiensk litteratur

Karakteren din syner i kva for grad du har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram.

Emnet krev opptak til master i italiensk, eller eit anna relevant masterprogram.

Ved få påmeldte studentar kan emnet bli avlyst.

Gode italienskkunnskaper, trening i å lese og fortolke tekstar, og noko kjennskap til grunnleggjande litteraturteoretiske problemstillingar.

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga vert gjeve som 2 timars forelesing i 5 veker og 2 timars seminar i 5 veker, totalt 20 timar.

Emnet føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver. Undervisninga på emnet er felles med ITA2301 - Moderne italiensk litteratur og ITA4301 - Moderne italiensk litteratur (20SP).

Obligatorisk aktivitet:

• Du må halde ein kort munnleg presentasjon på italiensk av ein tekst eller rundt ei problemstilling. I tillegg skal du levere ei skriftleg oppgåve på 3-4 sider (à 2300 teikn). Aktivitetane må godkjennast av læraren før eksamen. Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om utsetjing. Informasjon om retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.

• Det er krav om oppmøte til 60 % av seminarundervisinga. I dette emnet må du møte til 3 av 5 seminar. Kravet er absolutt.

Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får difor ikkje gyldig forfall til undervisinga på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skuldast hindringar som du sjølv ikkje kan lastast for.

Dersom emnet har fysisk undervising og du er meld til ei fysisk seminargruppe, skal du møte til undervisinga i rommet som er oppgjeve i timeplanen.

Dersom emnet har digital undervising og du er meld til ei digital seminargruppe, skal du vere til stades med påslått skjerm.

I særlege høve, til dømes ved alvorleg eller langvarig sjukdom, kan du søkje om tilrettelegging.

Godkjend aktivitet er berre gjeldande noverande semester.

Eksamen

Obligatorisk aktivitet (sjå over) må være godkjend før eksamen.

Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på 10 sider (à 2300 tegn). Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi.

Eksamensspråk

Italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter innleveringsdato

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 25. apr. 2024 20:24:31

Fakta om emnet

Nivå
Master
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust
Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Italiensk