Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet gjer eit oversyn over moderne italiensk litteratur gjennom nærlesing av tekstar frå ulike sjangrar og periodar, frå tidleg 1800-tal til andre halvdel av 1900-talet – mellom anna Ugo Foscolos brevroman, Giovanni Vergas noveller, dikt av Giacomo Leopardi og Giuseppe Ungaretti, samt romanar av Italo Calvino og Natalia Ginzburg. Dei litterære verka blir og satt inn i ei litteraturhistorisk kontekst.

Emnet vil ha eit todelt fokus: 1) gjennomgang av hovudtrekk i moderne italiensk litteraturhistorie, og 2) diskusjon og analyse av sentrale tema, litterærteknikkar og andre problemstillingar i moderne italiensk litteratur.

Kva lærer du?

Når du har fullført dette emnet:

  • kjenner du til vesentlege verk frå ulike sjangrar innan moderne italiensk litteratur og bakgrunnen for desse i italiensk kultur og samfunn
  • kan du gjere ein litterær analyse, nytte eit relevant litteraturvitskapeleg omgrepsapparat og setje litteraturen inn i ein større samanheng
  • kan du skrive ein lengre akademisk oppgåve på italiensk, der du nytter kjelder og bibliografi på rett måte

Karakteren din syner i kva for grad du har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

For å følgje seminarundervisning må du ha fått innvilga undervisningsopptak.

Ved få påmeldte studentar kan emnet bli avlyst.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

ITA1301 – Italiensk litteratur, innføring eller tilsvarande

Anbefalte forkunnskapar

Overlappande emne

Emnet kan overlappe med nedlagte emne og gamle studieeiningar av typen semesteremne, grunnfag og mellomfag. Du må sjølv sørgje for at innhaldet i emnet ikkje overlappar med studieeiningar du har oppnådd studiepoeng for tidlegare. Ta evt. kontakt med instituttet ved spørsmål.

Undervisning

Undervisninga vert gjeve som ei rekke forelesingar med 2 timar i 10 veker og 2 timar seminar i 4 veker. Seminarane vert gjeve i same periode som forelesingane, og emnet har undervisning i 10 veker.

Emnet føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver. Undervisninga på emnet er felles med ITA4301 – Moderne italiensk litteratur (20 sp) og ITA4311 – Moderne italiensk litteratur (10sp).

Det er krav om obligatorisk aktivitet på emnet: Du må skrive ei mindre kvalifiseringsoppgåve på 3-4 s. (à 2300 teikn). Oppgåva må godkjennast av læraren før eksamen.

Godkjend aktivitet er berre gjeldande noverande semester.

Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om gyldig fråvær eller utsetting.

Eksamen

Obligatorisk aktivitet (sjå over) må være godkjend før eksamen.

Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på 6-7 sider (à 2300 tegn). Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi.

Sensorveiledninger

Innlevering i Inspera

Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjord på Studentweb seinast tre veker etter innleveringsdato

Grunngjeving og klage

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Rapportar frå periodiske evalueringar

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Italiensk