ITA2300 – Italiensk litteratur, epokestudium
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Emnet gjer eit oversyn over moderne italiensk litteratur gjennom nærlesing av tekstar frå ulike sjangrar og periodar, frå tidleg 1800-tal til andre halvdel av 1900-talet. Dei litterære verka blir og satt inn i ei litteraturhistorisk kontekst.
Emnet vil ha hovudvekt på: 1) gjennomgang av hovudtrekk i moderne italiensk litteraturhistorie, og 2) diskusjon og analyse av sentrale tema, litterærteknikkar og andre problemstillingar i moderne italiensk litteratur.
Kva lærer du?
Når du har fullført dette emnet:
- kjenner du til vesentlege verk frå ulike sjangrar innan moderne italiensk litteratur og bakgrunnen for desse i italiensk kultur og samfunn
- kan du gjere ein litterær analyse, nytte eit relevant litteraturvitskapeleg omgrepsapparat og setje litteraturen inn i ein større samanheng
- kan du skrive ein lengre akademisk oppgåve på italiensk, der du nytter kjelder og bibliografi på rett måte
Karakteren din syner i kva for grad du har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
For å følgje seminarundervisning må du ha fått innvilga undervisningsopptak.
Ved få påmeldte studentar kan emnet bli avlyst.
Obligatoriske forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med ITA2301 – Moderne italiensk litteratur (nedlagt).
- 10 studiepoeng overlapp med ITA4301 – Moderne italiensk litteratur (nedlagt).
- 10 studiepoeng overlapp med ITA4311 – Moderne italiensk litteratur (nedlagt).
Undervisning
Undervisninga vert gjeve som ei rekke forelesingar og seminar i 10 veker, totalt 20 timar.
Emnet føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver.
Obligatorisk aktivitiet:
- Du må skrive ei mindre kvalifiseringsoppgåve på 3-4 s. (à 2300 teikn). Oppgåva må godkjennast av læraren før eksamen. Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om utsetjing. Informasjon om retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.
- Det er krav om oppmøte til 60 % av seminarundervisinga. I dette emnet må du møte til 6 av 10 seminar. Kravet er absolutt.
Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får difor ikkje gyldig forfall til undervisinga på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skuldast hindringar som du sjølv ikkje kan lastast for.
Dersom emnet har fysisk undervising og du er meld til ei fysisk seminargruppe, skal du møte til undervisinga i rommet som er oppgjeve i timeplanen.
Dersom emnet har digital undervising og du er meld til ei digital seminargruppe, skal du vere til stades med påslått skjerm.
I særlege høve, til dømes ved alvorleg eller langvarig sjukdom, kan du søkje om tilrettelegging.
Godkjend aktivitet er berre gjeldande noverande semester.
Eksamen
Obligatorisk aktivitet (sjå over) må være godkjend før eksamen.
Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på 6-7 sider (à 2300 tegn). Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi.
Eksamensspråk
Karakterskala
Høve til ny eller utsett eksamen
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Korleis bruke KI som student
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.