Parkeringsplassar på UiO
Oversikt over parkeringsplassar for tilsette og besøkande. Studentparkering finst bak Frederikkebygningen og nedanfor Geologibygningen.
Blindern
UiO anbefaler gjestar, studentar og tilsette å sykle, gå eller reise med T-bane, trikk og buss.

Sentrum
Tilsette:
- Nokre få plassar i bakgården til Frederiks gate 3.
- Nokre få plassar i bakgården til St. Olavs gate 29.
- Parkeringsplassen bak Historisk museum.
Studentar:
Det finst ingen UiO-studentparkeringsplassar i sentrum.
Tøyen: Naturhistorisk museum
Køyring og parkering i Botanisk hage er forbode.
- Tilsette, studentar, entreprenørar og handverkarar med gyldig parkeringsløyve finn UiO-parkeringsplassar rett utanfor hagen i Sofienberggata.
- Meir om tilkomst til Naturhistorisk museum.

Gaustad: Forskningsparken
NB! Alle gjesteparkeringsplassane ved Kristen Nygaards hus høyrer til Norsk Regnesentral.
Parkere med parkeringsløyve fra UiO
- på parkeringsplassen bak Gaustadalléen 30
- i parkeringshuset til Ole-Johan Dahls hus
Parkering utan parkeringsløyve
- Om du må parkere ei kortare stund rett ved Kristen Nygaards hus på grunn av tungt verktøy, maskiner e.l., eller berre for å levere noko, snakk med USITs ekspedisjon, så freistar vi å låne ein plass av Norsk Regnesentral.
- Om du eller gjestane dine ikkje har parkeringsløyve, kan du betale parkering i parkeringshuset til Forskningsparken eller Rikshospitalet.
Gaustad: Domus Medica og Domus Odontologica
Parkeringshus i Ole-Johan Dahls hus og Domus Medica tilbygg.
Parkering for elbilar
Det er ladeplassar for elbilar i parkeringshuset til Domus Medica tilbygg, i parkeringshuset til Ole-Johan Dahls hus og på parkeringsplassen bak Gaustadalléen 30.
Plassane skal berre nyttast av skilta elbilar under lading og er ikkje meint som reserverte p-plassar for elbilar. Gyldig parkeringsløyve er påkrevd. Plassane gjeld ikkje for hybridbilar.
Feilparkering
Feilparkerte bilar og bilar utan gyldig parkeringsløyve kan få kontrollgebyr. Gebyrbeløpet er fastsatt i parkeringsforskrifta av 1.1.2017 og vert innkrevd av Apcoa A/S (apcoasupport.no).
Gaustad: Harald Schjelderups hus
-
Parkering for tilsette: Ved enden av Forskingsveien 3a.
- Gjesteparkering: Mot betaling i Forskningsveien eller ta kontakt med avdelinga for å få gjestekort til å parkere på A-plassane.
- Det er ingen eigne parkeringsplasser for studentar i Forskningsveien.
Gaustad: Rikshospitalet
For å få tilgang til ansattparkering ved Oslo universitetssykehus (OUS) må du ta kontakt med oss@ous-hf.no eller parkering@ous-hf.no. Da får du tilsendt lenke til parkeringsløysinga.
- Eksternt tilsette følgjer same prosedyre som tilsette når det gjeld registrering og betaling. Det er eigne retningslinjer for kven som kan nytta seg av denne løysinga.
- Registrer kva periode du ønsker å parkera og hugs å kontrollera dato for oppstart. Du viderekobles til betalingsløysing basert på forskuddsbetaling.
- Du vil bli varsla om utløp av eksisterande avtale.
- Du kan ta vare på den mottatte lenken på pc, men du kan òg vidaresenda han til nettbrett eller mobil slik at du kan gjera endring i registreringsnummer på fleire plattformer. Du kan endra registreringsnummer så mange gonger du ønsker.
- Når du er registrert treng du ikkje fysisk oblat for å parkera. Parkeringsbetjenter sjekkar om registreringsnummeret ditt er godkjent eller ikkje.
Geitmyrsveien 69/71
Parkeringsplass bak bygninga med 22 plassar for tilsette.
OUS for IMB og Klinmed
For å få tilgang til ansattparkering ved Oslo universitetssykehus (OUS) må du ta kontakt med oss@ous-hf.no eller parkering@ous-hf.no. Da får du tilsendt lenke til parkeringsløysinga.
- Eksternt tilsette følgjer same prosedyre som tilsette når det gjeld registrering og betaling. Det er eigne retningslinjer for kven som kan nytta seg av denne løysinga.
- Registrer kva periode du ønsker å parkera og hugs å kontrollera dato for oppstart. Du viderekobles til betalingsløysing basert på forskuddsbetaling.
- Du vil bli varsla om utløp av eksisterande avtale.
- Du kan ta vare på den mottatte lenken på pc, men du kan òg vidaresenda han til nettbrett eller mobil slik at du kan gjera endring i registreringsnummer på fleire plattformer. Du kan endra registreringsnummer så mange gonger du ønsker.
- Når du er registrert treng du ikkje fysisk oblat for å parkera. Parkeringsbetjenter sjekkar om registreringsnummeret ditt er godkjent eller ikkje.
Meir om parkering og prisar ved OUS finn du på sjukehusets eigne sider (oslo-universitetssykehus.no)
Frederik Holsts hus og Stjerneblokka, Lille Ullevål (Institutt for helse og samfunn)
- Tilsettparkering langs gjerdet ved Frederik Holsts hus for dei som har registrert fordelsparkering gruppe A.
-
Gjesteparkering: Den fjerde plassen nærast stabburet er reservert til gjestar. Du kan reservere plassen i resepsjonen i Frederik Holsts hus for timane gjesten skal besøke instituttet.
-
Betalt parkering: På delar av Nedre Ullevåls vei, inkludert området framfor Nedre Ullevål 11 kan du betale med app. Det er òg nokre betalte plassar framfor hovudinngongen ved Frederik Holsts hus.