Demokrati: Opphav, kriser og framtid

Demokratiet er i krise. Korleis møter vi framtida?
Deler vi ei felles oppfatning av verkelegheita?

Opptak og anna materiale frå arrangementet

På oppfordring i etterkant av seminaret har vi lagt ut lenke til: 
State of the Union speech by President Ursula von der Leyen, 14. september 2022
«Today we see that we must fight for our democracies. Every single day!»

Om Demokrati: Opphav, kriser og framtid

Partnerforum inviterer til frukostseminar i samarbeid med Oslo Peace Days

Vi spør Bernt Hagtvet og Gudmund Hernes:

  • Forfallsteikn og trugsmål frå autoritære regime i verda i dag: Er demokratiet ein styreform i fritt fall?
  • Korleis kan vi møte den autoritære vendinga i verda? Når vi skal forsvare demokratiet; kva er det som må forsvarast, kvifor - og ikkje minst på kva måte? 
  • Er det meir enn demokratiet som står på spel? Deler vi ei felles oppfatning av verkelegheita?

Program

08:00 Registrering og enkel frukostservering

08:30 Praktisk informasjon, Kåre Svensson, Partnerforum UiO

10:30 Slutt

Påmeldingsknapp

Arrangementet er ope for alle. Våre partnarar, studentar og pensjonistar deltek gratis. Alle andre betalar ei avgift på kr. 300,-

Om innleiarane og foredraga deira

Bernt HagtvetBernt Hagtvet er professor emeritus ved UiO med utdaning frå UiO, UiB, Yale og Oxford, og Professor II ved Oslo Nye Høyskole (tidl. Bjørknes). Bernt er særleg interessert i totalitære regime, ideologiar og menneskerettsstudier, samt intellektuelle i politikken, og var gjesteforelesar ved Yale hausten 2016 og foreleste om europeisk fascisme.  Han har utgitt ei rekke bøker om europeisk politikk og politisk ekstremisme, er spaltist i Aftenposten og Dag og Tid og har vore sakprosa-anmeldar i Dagbladet.

Om foredraget:  Før 2015 fantes det ikkje bøker med demokrati og krise i tittelen. No er det komen ein flaum av slike analyser. Kva er skjedd? Kva veit vi om bakgrunnen for den autoritære vendinga i verda i dag? Er demokratiet ein styreform i fritt fall?  Korleis står det til med det norske demokratiet og korleis kan det forbetras? Er demokratiet berre eit beslutningssystem eller ein livsform og en sivilisasjonsnorm? Talet på demokratier er gått tilbake frå 2015. Kva er årsakene til dette og korleis kan nedgangen motarbeidast? Kvifor er demokrati den mest overlegne styreforma i verda med tanke på individuell personlegdomsutvikling?
   

Øyvind Østerud

Gudmund Hernes er professor ved BI og sosiolog med lang fartstid i norsk samfunnsdebatt, mellom anna som spaltist i Morgenbladet og forfattar. Sist ut er essayboka “Maktutøver og makutreder". Gudmund stod for den fyrste maktutgreiinga og har nyleg tatt til orde for ei tredje maktutgreiing. Han stod og i spissen for skipinga av Fafo, der han var forskningsleiar frå 1983. Mellom 1990 og 1997 var han statsråd, først som kirke-, utdannings- og forskningsminister og sidan som helseminister. Etter at han forlot regjeringa har han hatt oppdrag for FN og vore knytta til forskjellege akademiske institusjonar.

Om foredraget: 1990 var den store optimismens år. Muren var falt, den kalde krigen vart avblåst, diktaturer vart erstatta med folkestyre. Ei sammenfattende historie om demokrati som den stigande samfunnsforma blei lansert rett før murens fall. Først i en artikkel fra 1989 av den amerikanske statsviteren Francis Fukuyamas, så vidare i boka hans «The End of History» frå 1992. Den løfterike tittelen hadde dobbel tydning: «Historiens slutt» og «Historiens mål». For Fukuyamas tese var at alle samfunn konvergerte mot den same grunnleggande, universelle styreform verda rundt, liberale demokrati med frie marknader. Dei øvrige alternativa låg så å seie igjen på historias skraphaug. Dette var før utbreiinga av global terrorisme, 9/11 i 2002, nye krigar, og ikkje minst framvekst av autoritære regimer på alle kontinent.
     No er det allmen enighet om at demokratiske styresett vert redusert, ikkje bare i tal og spreiing, men og ved at land som rubriseres som demokratier vert avkrefta og uttæra av autoritære trekk og tendense., med aukande polarisering og framvekst av ekstrempartier. Ja, ved at det finns ein demokratisk veg til autoritarianisme. Dette vert illustrert i dei illevarslande titlane på to bøker frå dei seinere år. Den første ved eit tilbakeblikk på Hitlers veg til makta, The Death of Democracy (2018). Den andre viser korleis valgte leiarar kan undergrave den demokratiske prosessen og trekke stigen opp etter seg i How Democracies Die (2019). Den som har slått alarm på mest dramatisk vis, er presidenten i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, som i si «State of the Union»-tale den 16. september 2022 adresserte iangrepet på Ukraina, energikrisa, prisstigninga, flyktningestraumane og klimaendringane. Enda viktigare var at ho frontalt og omsvøpslaust tematiserte den store kampen mellom autokrati og demokrati: Den står om våre verdiar og vår framtid, og det er ein kamp som må førast både ved forsvar mot angrepa utanfrå, men særleg mot forvitringa innanfrå. Ho sa: «Today we all see that we must fight for our democracies. Every single day!»
     Når demokrati skal forsvarast, blir så spørsmåla: Kva er det som må forsvarast, kvifor – og ikkje minst korleis? Finns det nokre underliggande samfunnsnormer som ikkje berre er vesentlege, men heilt konstituerande for sosialt samliv? Held det å berre forsvare ytringsfridom, organisasjonsfridom, stemmerettsreglar, valgordningar, eller må forsvaret og omfatte korleis ein skal avgjere strid om røyndomsbilete  – altså om konkurrerande historiefortellingar, «alternative facts», «fake news», «post-truth politics»?
     Kva står på spel? Er det brre demokratiet i seg sjølv, eller også om vi kan finne og dele felles oppfatningar av virkeligheta? Krever dét ikkje bare at folk deler visse grunnleggande rettar, men og nokre grunnleggande ferdigheter – altså trening både i demokratisk arbeid og i demokratisk argumentasjon?

 

Om Partnerforums tidlegare frukostar med Bernt

Seminaret den 8. desember 2022 er den åttande desemberfrukosten med Bernt på rad i regi av Partnerforum. Her er rekka av øvrige arrangement:
2021: Dei filosofiske røtene til dagens fascisme i Europa
2020: Tysklands moderne identitet og framtid
2019: Kva kan den spanske borgarkrigen lære oss i dag?
2018: Er ondskap ein sjukdom? Hannah Arendt, Eichmannssaka og "det ondes banalitet"
2017: Gjensyn med Storebror: Orwell
2016: Europa i krise – kvar går Europa i ljos av Dreyfus-saka
2015: Kjem fascismen attende til Europa?

Knut Olav Åmås (tidl. kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala i 2009 serien «Frukost med Bernt» som gjekk 150 gonger på Blindern som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden" - "om brennbare problemer i kultur og samfunn". 

Om Partnerforum

Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 22 partnarar som samarbeider om å lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rommet. Partnerforum lagar årleg ca. 12 fellesarrangement samt eitt seminar for kvar partnar. I fjor satte vi rekord, da 4000 deltok på våre arrangement.
Partnerforum er oppteken av å styrka samarbeidet på tvers av sektorar og ynskjer fleire statlege partnarar. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål, ynsker eller innspel til samarbeid.

Om Oslo Peace Days

Logo med "Oslo Peace Days" i hvitt over rød og blå bakgrunnOslo Peace Days: Oslo kommune, Nobels Fredssenter, Det Norske Nobelinstitutt, Institutt for fredsforskning (PRIO) og Universitetet i Oslo jobber med fred og menneskerettigheter på ulike måter. Sammen har vi etablert Oslo Peace Days for å sette Oslo på kartet som en internasjonal fredsby, og skape en arena der hele befolkningen kan lære om og diskutere temaer knyttet til fred, demokrati og menneskerettigheter.

Kontakt

Ta gjerne kontakt med Partnerforums sekretariat dersom du har spørsmål, ønsker eller innspill til samarbeidet.

Arrangør

Partnerforum og Oslo Peace Days
Emneord: Demokrati, Forvaltningspolitikk, Ytringsfrihet, Kommunikasjon, Internasjonalt, Etikk
Publisert 12. okt. 2022 13:34 - Sist endra 12. des. 2022 08:51