English version of this page

Sidene i Brukerinfo

Dette er ei forklaring til dei ulike sidene i brukerinfo. Overskriftene er oppdelt etter topp-menyen i brukerinfo, oversett til norsk (engelsk tittel står i parentes).

    Brukarkonto (Account)

    Brukarkonto-sidene gjeld behandling av brukarkontoen du er logga på med. For behandling av ein av dine andre brukarkontoar må du logge ut og inn att med den riktige brukarkontoen.

    Om du lurer på kvifor det er skilnad mellom person og brukarkonto, er dette fordi det er nødvendig for ulike datasystem. Ein person kan ha fleire brukarkontoar, bl.a. for å ha tilgangskontroll til ulike datasystem, men til dømes personnummeret ditt er det same uansett antal brukarkontoar.

    Brukarkontooversikt (Your account)

    På brukarkonto-sida får du informasjon om brukarkontoen du har logga på med. Desse opplysingane kan ikkje endrast i brukerinfo.

    Av ulik informasjon på denne sida finn du:

    • Your account is active in the following system(s): Kva datasystem brukarkontoen din er tilgjengelig i. Dei stadene du får oppført her er dei stadane du vanlegvis kan logge deg på.
    • Your account has the following affiliation(s): Kva tilknytting brukarkontoen din har, som bestemmer blant anna kva system du får tilgang til.

    Når du trykker på Show details får du sjå endå meir informasjon:

    • Shell: Dette betyr kva shell du får då du logger deg på GNU/Linux. Eit shell gir deg tilgang til forskjellige kommandoar og oppførsel, og er berre interessant for dei som treng spesiell oppførsel på GNU/Linux. Denne kan endrast i bofh.
    • User id: Brukarkontoen din sin interne id i cerebrum.
    • Description: Forklarar kven som er eigaren til brukarkontoen.
    • Default group id: Den interne id-en til standard filgruppe.
    • Home status: Status på heimeområdet til brukarkontoen. Vanlegvis skal det stå on_disk, som betyr at alt er ok.
    • Default group: Brukarkontoen si standard filgruppe. Nye filer vil få denne gruppa som gruppe-eigar.
    • Home: Kor heimeområdet ditt er plassert.

    Heilt nederst vil det, dersom du har fleire brukarkontoar, ligg ei liste over desse, både aktive og sletta.

    Primærkonto (Make account primary)

    På denne sida kan du sette den brukarkontoen du er logga på med til primærkonto. Dette har noko å seie for enkelte datasystem, som berre kan innehalde ein brukarkonto per person. Veit du ikkje kva dette betyr, har du heller ikkje behov for å endre på primærkontoen.

    For å sette ein anna av brukarkontoane dine til primærkonto må du logge inn med den brukarkontoen.

    E-post (E-mail)

    E-post-sidene tek for seg generelle innstillingar som påvirkar både webmail og e-post-program, bortsett frå Sieve-filtreringa som framleis ligg i Webmail.

    E-postoversikt (E-mail overview)

    Oversikten viser e-post-innstillingane til din aktive brukarkonto, samt kort informasjon om dine andre brukarkontoar sine e-postinnstillingar. Ein del av denne informasjonen kan du endre på dei andre e-postsidene.

    Av informasjon finner du:

    • Primary address: Dette er adressa som all utgåande e-post vil få. Denne vil overskrive den adressa du eventuelt skulle sette i e-post-programmet ditt.
    • Valid addresses: Dette er ei liste over alle e-postadressar som tilhøyrer din e-postkonto. Legg merke til at alle brukararkontoar ved UiO har e-postadressa.
      • brukarnavn@ulrik.uio.no. Denne adressa kan ikkje slettast, og er til for å enklare kunne vite e-postadressa til alle brukarar ved UiO.
    • Quota: E-postkvoten din. I parentes bak står det kor full e-postkontoen din kan vere før du får eit varsel om dette.
    • Spam level: Nivået på spamsorteringa di. Dette kan endrast under Spam settings.
    • Spam action: Kva som skal skje med spam. Dette kan endrast under Spam settings.
    • Filtering: Ekstra spam-filter som kan aktiverast. Dette endrast under Additional spam settings.
    • Email server: På kva tenar ligger e-post-kontoen din.

    Dine andre e-postkontoer (Your other mailboxes)

    Om du har flere brukerkontoer så får du opp en liste over emailadressene knyttet til de her.

    Vidaresending (Forwarding)

    Vidaresending av din UiO-e-post til ein annan e-postkonto. Dette anbefalast ikkje av omsyn til tryggleiken. NB! Det er forbode for alle ansatte ved UiO å aktivere automatisk videresending av e-post til eksterne e-postadresser.

    Legg merke til at du kan velge å behalde ein kopi av e-postane i din UiO-konto. Denne kan aktiverast eller deaktiverast sjølv om du ikkje fyller ut ei e-post-adresse i utfyllingsfeltet over.

    Spam-innstillingar (Spam settings)

    Her set du standard spam-innstillingar.

    Flere Spaminstillinger (Additional spam settings)

    Ekstra spam-filter du kan aktivere for å bekjempe spam meir effektivt.

     

    NB! Fråværsmeldingar, eller feriemeldingar, er ikkje lengre med i Brukerinfo. Les meir på nettsida om fråværsmeldngar i Webmail.

    Grupper (Groups)

    I brukerinfo kan du sende førespurnad om oppretting av grupper og moderere dei gruppene du har.

    Du kan også se hvilke grupper du er medlem av under Dine gruppemedlemskap (Your group memberships).

    Trådlauskontoar (Wireless accounts)

    Her kan du opprette og administrere kontoar som gir gjestar som ikkje har UiO-konto tilgang til Eduroam-nettet på UiO. Kontoane er tidsavgrensa. Du kan ha 3 aktive trådlauskontoar om gangen.

    Gjesten må ha tillgang til et norsk mobilnummer for å kunne motta brukernavnet og passordet til gjestekontoen.

    Dine trådlauskontoer (Your wireless accounts)

    Oversikta viser aktive trådlauskontoar som du har oppretta. Klikk på brukarnamnet til kontoen for å sjå detaljert informasjon om kontoen, avslutte kontoen, eller setje nytt passord for kontoen.

    Opprett trådlauskonto (Create wireless account)

    På denne sida kan du opprette ein ny trådlauskonto.

    Du må skrive inn namn og mobilnummer for gjesten du opprettar kontoen for, og du må velje kor lenge kontoen skal vere aktiv. Tenesta lagar automatisk brukarnamn og passord og sender det til mobilnummeret du oppgav i ein SMS. Tenesta fungerer berre med norske mobilnummer. Nettet gjesten kan koble til, heiter Eduroam. Sjå rettleiing for å koble til Eduroam-nettet.

    Person (Person)

    Under Person finn du opplysningar om din person ved UiO. Desse opplysingane kan ikkje endrast i brukerinfo, men du bør likevel sjekke at alt stemmer.

    Informasjonen kjem frå Felles Studentsystem (FS) og SAPDFØ - personalsystemet til dei ansatte. Om data ikkje stemmer, må du snakke med det rette kontaktpunktet:

    Av informasjon på denne sida finn du blant anna:

    • Display name: Dette er ditt offisielle namn, dvs. namnet ditt som vert brukt rundtom i andre system.
    • Birth: Din fødselsdato.
    • Your person has the following affiliation(s): Med affiliation meinast di tilknytting ved UiO (til dømes ansatt eller student).
    • Names: Ditt namn slik det er registrert i dei forskjellige systema.
    • National ID number: Ditt fødselsnummer slik det er registrert i dei forskjellige systema.
    • Contact Information: Kontaktinformasjonen systemet har registrert på deg, og hvor informasjonen har blitt hentet fra.

    Visningsnavn (Display name)

    Her kan du velge hvilket av de registrerte navnene dine som skal vises i de forskjellige UiO-systemene. Dette vil også påvirke din primære e-postadresse.

    Primærtilknytning (Primary affiliation)

    Her kan du sette hvilken av tilknytningene dine du vil ha som primærtilknytningen din. Dette vil blant annet vises på personpresentasjonen din.

    Gjester (Guests)

    Her finner du en liste over gjester som er registrert på din enhet.

    Reservasjoner (Reservations)

    Her kan du reservere deg mot ulike tenester, så som moglegheiten til å bruke SMS-tjenesten for passordbyte.

    Samtykke (Consent)

    Under samtykke kan du gje samtykke til bruk av ulike tenester ved UiO.

    Søk i veiledningene
    Kontakt brukerstøtte:

    Ring oss

    Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
    og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

    Telefonnummer: 22 84 00 04

    Send inn sak til oss

    Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-support@uio.no.

    Gå til e-post

    Book et videomøte over Zoom

    Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

    Book et videomøte

    Chat med oss

    Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

    Åpne chat
    Publisert 12. mai 2010 10:03 - Sist endret 8. mai 2024 02:17