STV1501 – EU som politisk system

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Den europeiske unionen (EU) har i dag 27 medlemsland, etter at Storbritannia formelt gjekk ut av unionen 31. januar 2020. Unionen har både mellomstatlege og overnasjonale trekk, og skil seg dermed både frå (andre) internasjonale organisasjonar og nasjonalstatar.

Dette blir belyst med utgangspunkt i statsvitskapeleg teori. Emnet gir ei grunnleggjande innføring i EU som politisk system. Hovudvekta ligg på EU-institusjonane og forholdet mellom dei, inkludert val til Europaparlamentet og partisystemet i EU. Emnet tar i tillegg for seg:

  • spørsmålet om europeisk identitet
  • hovudtrekka i framveksten av EU
  • dei viktigaste politikkområda, og utvidingane av EU, med hovudvekt på utvidingane på 1990- og 2000-talet. Her vil vi også sjå på forholdet mellom Noreg og EU

Kva lærer du?

Kunnskap

Du skal:

  • få kjennskap til sentrale teoriar i studiet av EU
  • tileigne deg kunnskap om dei viktigaste EU-institusjonene og forholdet mellom dei
  • få oversikt over partisystem og val på EU-nivå
  • lære om europeisk identitet
  • få kjennskap til dei viktigaste politikkområda i EU
  • lære om forholdet mellom Noreg og EU

Ferdigheiter

Du skal:

  • kunne analysere vedtaksprosessar i EU
  • kunne analysere utvidingane av EU og Brexit

Generell kompetanse

Du skal:

  • utvikle generell analytisk kompetanse
  • utvikle evna til å arbeide sjølvstendig med empirisk og teoretisk materiale

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Overlappande emne

Undervisning

Forelesingar.

Eksamen

Fire timars skuleeksamen.

Tidlegare eksamensoppgåver og sensorrettleiingar.

Tidlegare eksamensoppgåver i utgått men tilsvarande emne STV1201.

Hjelpemiddel til eksamen

Det er tillate å bruke ordbok på eksamen. Du må levere ordboka til kontroll hos SV-info på førehand. Se reglar for bruk av ordbok.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva blir gitt på norsk, og du kan svara på eksamenen på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Høve til ny eller utsett eksamen

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 10. mai 2024 21:12:45

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust
Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
Norsk

Kontakt

SV-info