Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Den europeiske unionen (EU) har i dag 28 medlemsland, og fleire ventar på å bli medlem. Unionen har både mellomstatlege og overnasjonale trekk, og skil seg dermed både frå (andre) internasjonale organisasjonar og nasjonalstatar. Dette blir belyst med utgangspunkt i statsvitskapeleg teori. Emnet gir ei grunnleggjande innføring i EU som politisk system. Hovudvekta ligg på EU-institusjonane og forholdet mellom dei, inkludert val til Europaparlamentet og partisystemet i EU. Emnet tar i tillegg for seg:

  • spørsmålet om europeisk identitet
  • hovudtrekka i framveksten av EU
  • dei viktigaste politikkområda, og utvidingane av EU, med hovudvekt på utvidingane på 1990- og 2000-talet. Her vil vi også sjå på forholdet mellom Noreg og EU.

Kva lærer du?

Kunnskap

Du skal

  • få kjennskap til sentrale teoriar i studiet av EU
  • tileigne deg kunnskap om dei viktigaste EU-institusjonene og forholdet mellom dei
  • få oversikt over partisystem og val på EU-nivå
  • lære om europeisk identitet
  • få kjennskap til dei viktigaste politikkområda i EU
  • lære om forholdet mellom Noreg og EU

Ferdigheiter

Du skal

  • kunne analysere vedtaksprosessar i EU
  • kunne analysere utvidingane av EU

Generell kompetanse

Du skal

  • utvikle generell analytisk kompetanse
  • utvikle evna til å arbeide sjølvstendig med empirisk og teoretisk materiale

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot STV1201 - EU som politisk system

Undervisning

Forelesingar.

Eksamen

4-timars skuleeksamen.

Tidlegare eksamensoppgåver

Tidlegare eksamensoppgåver i utgått men tilsvarande emne STV1201.

Hjelpemiddel

Det er tillate å bruke ordbok på eksamen. Du må levere ordboka til kontroll hos SV-info på førehand. Se reglar for bruk av ordbok.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Frist for å sende inn søknad om engelsk oppgåvetekst: 3 veker før eksamen.

Om bruk av målform i eksamensoppgåver, sjå §5.4 i Forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Du bør be om grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klage.

Klage

Grunngjeving

Fristen for å be om grunngjeving er ei veke etter at karakteren er kunngjort. For munnlege og praktiske eksamenar er fristen straks etter at du har fått vite karakteren din.

Du skal normalt få grunngjevinga innan to veker etter at du har bedt om den. Sensor avgjer om grunngjevinga blir gitt skriftleg eller munnleg.

Be om grunngjeving

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Vi tilbyr utsett eksamen same semester om du blir sjuk eller har anna gyldig forfall på ordinær eksamen.

Sjå også informasjon om å ta eksamen på nytt.

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Norsk

Kontakt

SV-info