ITA2103 – Italiensk språk: Skriftlege øvingar

Kort om emnet

I emnet arbeider du med ei kontrastiv tilnærming til italienske og norske tekstar. Du får ei praktisk og systematisk oversikt over forskjellar mellom tekstar på italiensk og norsk i ulike genre. I arbeidet med tekstene vil du få ei innføring i omgrepa kontrastiv stilistikk, interkulturell pragmatikk og leksikalsk semantikk, altså korleis tekstar vert utforma, kva for ei tyding ord kan ha og korleis språk vert brukt i forskjellige høve. Den kontrastive tilnærminga bidreg til å utvikle den språklege dugleiken din i italiensk og gi deg kompetanse som vil vere nyttig i den praktiske bruken. I emnet arbeider du med mellom anna akademiske, journalistiske, litterære, politiske tekstar.

Kva lærer du?

Når du har fullført emnet kan du:

  • samanlikne forskjellige tekstar og genrar skrive på italiensk og norsk:
  • forklare korleis teksten (på italiensk vs. på norsk) er bygga opp etter syntaktiske og leksikalske reglar
  • utrykke deg skriftleg om emnet sitt tema i tråd med grammatiske reglar
  • bruk/velje riktige ord og leksikalske uttrykk i tråd med tekstens genre og stil.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

For å fylgje seminarundervisning må du ha undervisningsopptak til emnet.

Ved få påmeldte studentar kan emnet bli avlyst.

Obligatoriske forkunnskapar

ITA1101 – Italiensk språk eller tilsvarende

ITA2110 – Italiensk morfosyntaks

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga vert gitt som 1 time forelesing og 1 time seminar i ti veker, pluss to gjesteforelesingar - med til saman 24 timar undervisning.

Det er krav om obligatorisk aktivitet på emnet: Ein skriftleg oppgåve og presentasjon av materialet samla i sjølvstudium. Oppgåvene må godkjennast av faglærar før eksamen.

Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om utsetjing. Informasjon om retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.

• Det er krav om oppmøte til 60 % av seminarundervisinga. I dette emnet må du møte 7 av 12 gongar. Kravet er absolutt.

Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får difor ikkje gyldig forfall til undervisinga på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skuldast hindringar som du sjølv ikkje kan lastast for.

Dersom emnet har fysisk undervising og du er meld til ei fysisk seminargruppe, skal du møte til undervisinga i rommet som er oppgjeve i timeplanen.

Dersom emnet har digital undervising og du er meld til ei digital seminargruppe, skal du vere til stades med påslått skjerm.

I særlege høve, til dømes ved alvorleg eller langvarig sjukdom, kan du søkje om tilrettelegging.

Godkjend aktivitet er berre gjeldande noverande semester.

Eksamen

Du må ha godkjent obligatorisk aktivitet (sjå over) før eksamen.

Eksamensforma på emnet er ein 4 timer skriftleg eksamen.

Her finn du sensorrettleiing og tidlegare eksamensoppgåver.

Eksamensspråk

Italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter innleveringsdato.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå Felles Studentsystem (FS) 23. mai 2024 05:27:46

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Vår, Haust

Emnet går ikkje våren 2024.

Eksamen
Vår
Undervisningsspråk
  • Italiensk
  • Norsk