ITA4317R – La grande bellezza: Italiensk film og fjernsyn i Roma

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Sommerkurs om italienske biletmedium, med særleg vekt på film og fjernsyn. Emnet tek til med pionertida rundt førre hundreårsskifte og gjennomgår dei ulike epokane, sjangrane og dei viktigaste filmskaparane.

Emnet skal òg drøfte italiensk fjernsynshistorie, frå oppstarten av fjernsynskanalen RAI i 1954 og fram til i dag. Emnet gjennomgår storhetstida til RAI på 60-talet, kriseåra og reformen på 70-talet, slutten av monopolet til RAI på 80-talet og fødselen av kommersielt fjernsyn og Mediaset. Det vert lagt spesiell vekt på kringkastninga si betyding for utviklinga av det italienske språket, og på rolla ho har hatt i det italienske politiske liv og i kjønnsdiskursen.

Undervisinga skjer ved Det norske institutt i Roma.

Kva lærer du?

Etter å ha fullført dette emnet har du:

  • grunnleggjande kunnskapar om dei rike tradisjonane i italiensk film, som har vore svært viktige for utviklinga av filmkunst i resten av verda.
  • kjennskap til sentrale trekk ved italiensk historie og samfunnsliv.
  • grunnleggjande kunnskapar om italiensk fjernsynshistorie og påverknaden fjernsynet har hatt på det italienske samfunnet.
  • dugleik i skriftleg og muntleg framstilling på italiensk.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Emnet krev opptak til master i italiensk, eller eit anna relevant masterprogram.

Ved få påmelde studentar kan emnet bli avlyst.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Du bør ha stått til eksamen i ITA1000 – Innføring i italiensk, ITA1100 – Praktisk italienskITA1301 – Italiensk litteratur, innføring og ITA1501 – Italiensk kulturkunnskap eller tilsvarande forkunnskapar.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot ITA2317R – La grande bellezza: Italiensk film og fjernsyn i Roma

Emnet kan overlappe med nedlagte emne og gamle studieeiningar av typen hovedfag. Du må sjølv sørgje for at innhaldet i emnet ikkje overlappar med studieeiningar du har oppnådd studiepoeng for tidlegare. Ta evt. kontakt med instituttet ved spørsmål.

Undervisning

Undervisninga er konsentrert i ca tre veker med intensiv undervisning i Roma om sommaren, både som forelesningar/klasseromsundervisning og som eksursjonsbasert undervisning.

Undervisninga på emnet er felles med ITA2317R – La grande bellezza: Italiensk film og fjernsyn i Roma. Du får utdelt gruppeoppgåver tidleg i undervisningsopphaldet, og du får rettleiing i å leite fram relevant litteratur.

Emnet har følgande obligatoriske aktivitetar: Obligatorisk frammøte på alle ekskursjonar og på minst 22 av 28 undervisningstimar. Du må halde to munnlege presentasjonar om tema innanfor italiensk film eller fjernsyn. Aktivitetane må vere godkjend av faglæraren før eksamen.

Godkjend aktivitet er gyldig i inneverande semester og dei to neste semestera emnet vert gjeve.

Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om gyldig fråvær eller utsetting.

Eksamen

Obligatorisk aktivitet (se over) må vere godkjend før eksamen.

Eksamensformen er ei semesteroppgåve på 10 sider (à 2300 teikn utan mellomrom). Svaret må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi. Tema for oppgåven fastsetjes i samråd med faglærar.

 

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karaktereren vert publisert i Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Vår 2019

Uregelmessig

Eksamen

Vår 2019